- Tek sikte på å verte sjølvforsynt med ansiktsvisir

Klikk for stort bileteØrsta kommune tek sikte på å verte sjølvforsynt med ansiktsvisir til helsetenesta med hjelp frå Velle skule. 

Den pågåande koronaepidemien har gjort at etterspurnaden etter smittevernutstyr har auka enormt over heile verda. Det merkar vi også lokalt. Sjølv om innkjøp og fordeling av utstyr i Noreg er organisert gjennom selskapet, Sjukehusinnkjøp og fylkesmennene, vert kommunane oppmoda om å søke ut utstyr lokalt i tillegg. - Men tilgangen er avgrensa og prisane er sterkt aukande. 

Difor har Velle skule teke i bruk 3D- printerane sine for å lage ansiktsvisir til den kommunale helsetenesta.  Prototypane var klare for testing i førre veke. Etter litt tilpassing er det no sett i gang produksjon av nokre enkle, men praktiske visir som skal gje godt vern når dei vert brukt saman med andedrettsvern.

Kommunedirektøren og hennar stab, som har samarbeidd med skulen om prosjektet er svært takksame for innsatsen frå dei tilsette og rektor. Sjølve skjermen kan rivast av og erstattast med ein ny etter bruk, noko som reduserer behovet for desinfisering.   

Kommunen vil truleg vere sjølvforsynte med visir slik situasjonen ser ut no. 

Klikk for stort bilete