Overraskande godt oppmøte
Beate frå Mattilsynet viser CWD-prøvetaking i praksisAlle valdleiarane i Ørsta og elles ivrige jegerar var inviterte til å vere med på informasjonsmøtet, og om lag 110 stk. fant vegen denne fredagskvelden.
Møtet starta i kommunestyresalen på rådhuset der dei frammøtte fekk informasjon om korleis prøvetakinga skal utførast, og valdleiarane fekk utdelt jegerpakkar med prøvetakingsutstyr. Etter den teoretiske innføringa flytta deltakarane seg til Ripateigane, der dei fekk prøve ut teori i praksis.
Landbrukskontoret er positivt overraska over engasjement og tal på frammøtte, og ønsker alle lykke til med jakta.
Meir informasjon:
Har du andre spørsmål, eller treng fleire jegerpakkar, er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret.