Ta steintrappa opp fonnvernet

Klikk for stort bilete 

Dyktige arbeidarar frå Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS er snart ferdige med å byggje steintrapp i austenden av skredvollen.

Det står att litt finpuss av anlegget, det skal også opp eit smijarnsrekkverk. Dette er bestilt, men vi må rekne med litt leveringstid sidan rekkverket må tilpassast utforminga av steintrappa.

Fonnvernet er blitt eit populært turområde i Ørsta. Folk i alle aldrar tek trimturen rundt fonnvernet i all slags vær. Med steintrappa på plass vert det lettare å ta seg både opp og ned den brattaste bakken. Velkomen på tur!