Svar sikkert med eDialog!

pixabay  

No kan du svare på brev frå Ørsta kommune med eDialog. Du kan også nytte eDialog for å ta kontakt med oss på ein sikker og trygg måte sjølv om du ikkje har fått eit brev frå oss først.

Ørsta kommune sender brev trygt og sikkert til di digitale postboks (Altinn, Digipost eller e-boks). Frå og med 13.01.21 har du høve til å svare på desse breva ved å klikke på lenkja «Svar på denne forsendelsen».

Då kjem det opp eit vindauge for eDialog der du kan skrive inn ei melding og legge ved vedlegg. Brevet kjem kjapt og sikkert fram til rett sakshandsamar i kommunen.

Ønskjer du å sende sikker post til Ørsta kommune utan ei tilhøyrande sak? Dette gjer du også ved å bruke eDialog.

Vi oppmodar om å ikkje sende sensitiv informasjon på e-post.

Følg oss