Stor stein har losna ovanfor Fremre Mo

Status 03.01.2022: I samråd med geolog er synfaring utsett til snøen er borte.

Status 23.12.2021

Kommunen har motteke melding om at ein stor stein har losna i austre del av Brekkeheida. Sjå kartet nedanfor som viser kvar steinen ligg. Steinen er altså ikkje ovanfor bustadfelt.

Kommunen har vore på staden, og bedt geolog om å gjere ei vurdering. Inntil kommunen får svar på dette, oppmodar vi folk om å ikkje ferdast i området. Geologen har førebels vurdert at det ikkje er fare for busetnaden og at det er ikkje behov for ei akutt synfaring. 

Opphald i skredbanen bør særleg unngåast i periodar med mykje regn, samt i periodar med vekslande temperaturar kring frysepunktet.

 
  

Følg oss