Fakta om Stikk UT! Vinter
Stikk UT! er gratis og ope for alle! Stikk UT! Vinter består av skiturar og fotturar og er eit samarbeid mellom friluftsråda i fylket, hovedsponsor Sparebanken Møre, 50 skiklubbar i Møre og Romsdal skikrets, skisenter, løypelag, deltakarkommunane og mange dyktige frivillege. Målet er å auke aktiviteten og deltaking i friluftsliv i vinterhalvåret. Dei fleste Stikk UT! Ski-turmåla går i løypenett. Informasjon om når skiløypene er trakka ser ein i Stikk UT!-appen der løyper.net er integrert. Turmåla registrerer ein i Stikk UT! appen og på stikkut.no (kjem seinare i sesongen).