Smittesituasjonen i Ørsta/Volda
Det er høg testaktivitet på teststasjonen i Hovdebygda. 629 personar vart testa i veke 1 og 437 personar i veke 2. Sidan nyttår har vi hatt 3 smittetilfelle i Ørsta kommune. Desse har vore knytt til innreise frå utlandet.
Teststasjonen i Hovdebygda fungerer godt, og vi kan raskt trappe opp aktiviteten ved smitteutbrot. Vi har også ei velfungerande beredskapsordning for smittesporingsarbeid i samarbeid med Volda kommune.
Status for Ørstaskulen
Nasjonalt tiltaksnivå for ungdomsskular og vidaregåande skular justerast ned frå raudt til gult nivå. Ørsta ungdomsskule har raudt nivå ut veka og går tilbake til gult nivå frå måndag 25. januar. For Vartdal skule får nedjusteringa lita praktisk betyding, dei skifter nivå rimeleg raskt. Sæbø skule går attende til gult nivå frå onsdag 20.januar.
For barneskulane inneber dette inga endring, med unntak av at fotballfritidsordninga startar opp att 19. januar. Dermed opphøyrer ordninga der elevar frå FFO fekk SFO-tilbod på Velle og Vikemarka skular.
Status for omsorg og sjukeheim
Alt dagaktivitetstilbod er per januar 2021 samla ved dagavdelinga Hagestova. Det betyr at det primært er brukarar med demenssjukdom som får eit tilbod, men ein har opna for ei individuell vurdering av enkelte andre brukarar med stort hjelpebehov. Grunna smittevernstiltak vil dei fleste brukarane ha eit avgrensa tilbod, dette er og avhengig av nasjonale og lokale tiltak under pandemien. Det har vore drift ved denne dagavdelinga sidan mai 2020, med ein auke av tilbodet i løpet av sommaren og hausten etter kvart som ein gjorde seg erfaringar.
Vaksinering av pasientar på sjukeheimane og bebuarar i bufellesskapa er i gang. Neste veke får dei først vaksinerte ved Ørstaheimen si andre dose. Vi er også i gang med kartlegging av vaksinering av personale. Dei har fått informasjon om vaksinen og dei fleste har uttrykt at dei ønskjer vaksinen når den blir tilgjengelig.
Elles følger vi tiltak knytt til besøksavtale, registrering av besøk i tilfelle smittesporing og vi unngår å nytte personale frå andre avdelingar og helseinstitusjonar. Det er ingen kjend slik smitte på sjukeheimane/bufellesskapa no.
Status for helse og velferdstenester
Tenesteyting i alle einingane går som normalt, og alle einingar har til no unngått smitte. Det er krevjande å ivareta godt smittevern over tid, og det kostar i form av vikarinnleige og stadige endringar.
Aktivitetssenteret på Bakk-Ola-marka har halde ope med gode smitteverntiltak. Det same har Møteplassen og Småjobbsentralen. Enkeltaktivitetar, som Bingo, har gått ut siste 14 dagane som følgje av nasjonale føringar. Dagtilbod på Hamna og i Furene AS har også vore ope for brukarane.
Plan for vaksinering
Vi er godt i gang med vaksinasjon i Ørsta kommune. Vaksinasjonsprogrammet i Noreg er ei stor logistisk utfordring for kommunane, og krev svært mykje planlegging. Seksjon helse og velferdstenester har utarbeidd ein plan for vaksinering saman med kommuneoverlegen.
Vi satsar på å bli ferdig med 1. dose til alle pasientar på sjukeheimane våre, inkl. bufellesskapa på Vartdal helsetun og Hjørundfjordheimen og Bakk-Ola-marka i løpet av veke 4. I veke 5 startar vaksinasjon av heimebuande eldre over 85 år på kulturhuset. Det er framleis uvisst kor mange vaksiner vi får i veke 5. Inntil 20% av vaksinedosene går til utvalde helsepersonellgrupper.
Sekreteriatet for koronavaksinering har ringt rundt til alle heimebuande eldre over 85 år og er no i gang med å ringje dei over 80 år. Det vil etter bli mogleg med digital timebestilling og over telefon. Vi samarbeider med Volda kommune om dette, og vil kome med meir informasjon når det er klart.
Inntil vidare får kommunane få vaksinedoser per veke, men dette vil kunne endre seg etter kvart som fleire vaksiner blir godkjende og produksjonen aukar. I Ørsta kommune har vi gode planar for å raskt kunne trappe opp vaksinasjonsfarta når tilgangen på vaksiner blir betre.
Det er laga ei eiga informasjonsside om vaksinasjon på heimesida til kommunen som blir oppdatert fortløpande. Her finn du også ei oversikt over kor mange doser vi får kvar veke og kva gruppe som blir vaksinert.