Startlån – Er eg i målgruppa?

 

Startlån skal bidra til at personar som ikkje får lån i vanlege bankar, kan få høve til å kjøpe eigen bustad eller tilpasse bustaden dei bur i. Ørsta kommune har tilgjengelege midlar, og oppmodar difor personar i målgruppa om å søkje. 

Søk startlån

 

Informasjon til deg med startlån frå Ørsta kommune.

Ørsta kommune tek over administrasjonen av startlån frå husbanken. Dette medfører no at terminvarsel frå og med september 2023 vert utskrivne frå Ørsta kommune.

Ver merksam på at avtalegiro/e-faktura må opprettast på nytt dersom det er ynskjeleg. Dei som har flytande rente og ynskjer avtalegiro må hugse å ta høgde for renteauking dersom ein vel å legge inn beløpsgrense.

NB! Nytt bankkontonummer ved innbetaling og ny kid.

Dersom ein ynskjer å snakke med nokon, må ein no ta kontakt med kommunen på telefonnummer 70 04 97 00 mellom 10.00 og 14.00.

 

Kan eg søkje startlån?

Vanlegvis vert det stilt krav om eigenkapital til liks med vilkåra i andre bankar, men i særskilte saker kan kravet fråvikast. Det vert vurdert om du vil greie å handtere lånet ved sida av alle andre utgifter. Om du har lav inntekt kan startlånet ditt kombinerast med tilskot og/eller bustønad.  Alle lån eller tilskot må kunne sikrast med pant i aktuell eigedom.

Det er ikkje likheitsteikn mellom å vere i målgruppa for startlån, og at du får det. Vi oppmodar likevel deg som er i målgruppa om å søkje, sjølv om vi ikkje kan sikre deg at du møter krava for å få startlån. 


NB: Unge i etablerings-fasen er ikkje i målgruppa Er du ungdom og manglar eigenkapital, er du ikkje i målgruppa for startlån. Det er ein førestnad at du nyttar dine moglegheiter for å spare opp nødvendig eigenkapital og søkjer lån i vanleg bank.

Meir informasjon om startlån på husbanken.no.

 

Målgruppe: 

Barnefamiliar
  • Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Du har problemer med å dekke bustadsutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.
Mottek trygd/ offentlige ytingar
  • Du har lav, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkelig lån i vanlege bankar.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betjene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
Lånetakar av bustad med gjelds-problem
  • Du har gjeld på bustad og annan gjeld med høg rente og står i fare for å miste bustaden ved tvangssalg.
  • Du klarer ikkje å betjene noværande gjeld, men kan dekke utgiftene og behalde bustaden om låna vert refinansiert med startlån.
Andre
  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og  mangler ein eigna bustad.
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.

 

Eige eller leige?

På sikt vil utgiftene knytt til bustad vere lågare om ein eig, enn når ein leiger. Dette skuldast mellom anna at norske skattereglar gjer det gunstig å eige bustad. Det vert anbefalt å legge eit langsiktig perspektiv til grunn ved kjøp av bustad med startlån. Ved usikkerheit knytt til framtidig inntektssituasjon og kor lenge det kan vere aktuelt å vere buande i bustaden, kan leige vere eit betre alternativ enn å kjøpe eige. 

 

Klagefrist er 3 veker etter at du mottok vedtaket.
Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta

Kontakt

Børge Gundersen konsulent
99286972
@ Børge Gundersen
Eli Myklebust konsulent
99286973
@ Eli Myklebust