Startlån og tilskot 2017

Hus_Husbanken.jpg - Klikk for stort bilete Husbanken har gitt Ørsta vedtak på tildeling av startlån, tilskot til etablering og tilskot til tilpassing av bustad for 2017. 

Søk startlån og/eller tilskot her


Husbanken har i 2017 bevilga følgjande summar til kommunen:

  • 7 000 000 kr i startlånsmidlar
  • 1 500 000 kr i tilskot til etablering
  • 100 000 kr i tilskot til tilpassing

Husbanken skriv i vedtaket: "eit konkret mål for 2017 er at kommunane skal gi minst 50% av alle startlån og tilskot til etablering til barnefamiliar".

 

Kven er startlån og tilskot for?

Startlån og tilskot er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som ikkje har moglegheit for å spare: (Informasjonen er henta frå husbanken.no).

Startlån og tilskot
Barnefamiliar
  • Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Du har problemer med å dekke bustadsutgiftene, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.
Mottek trygd/ offentlige ytingar
  • Du har lav, men stabil og sikker inntekt, og får ikkje tilstrekkelig lån i vanlege bankar.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betjene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
Lånetakar av bustad med gjelds-problem
  • Du har gjeld på bustad og annan gjeld med høg rente og står i fare for å miste boligen ved tvangssalg.
  • Du klarer ikkje å betjene noværande gjeld, men kan dekke utgiftene og behalde bustaden om låna vert refinansiert med startlån.
Andre
  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og mangler ein eigna bustad.
  • Du har behov for å sikre ein trygg, god og stabil busituasjon innan kort tid.
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er nødvendig for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold.
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betjene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.

 

NB: Unge i etablerings-fasen er ikkje i målgruppa

  • Er du ungdom og manglar eigenkapital, er du ikkje i målgruppa for startlån.
  • Det er ein førestnad at du utnyttar dine moglegheiter for å spare opp nødvendig eigenkapital og søkjer lån i vanleg bank.

 

 

For meir informasjon, sjå:

Sist endra 16.03.2017
Fann du det du leita etter?
Oddvar Marøy Startlån
70 04 98 35
@ Oddvar Marøy

Følg oss

Login for redigering