Søre Sunnmøre lanserer e-Torg

Klikk for stort bileteIllustrasjon: Norkart as  

Kommunane på Søre Sunnmøre lanserer onsdag 16.september e-Torg – nettbutikk for geografiske data og byggesaktenester.  

Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden? e-Torg gjer det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.

Dette er Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven kommunar sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglarpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir.

Dette sjølvbetente tilbodet gjer at innbyggjarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering. Du får bestilt produkt frå alle 7 kommunane i same portal. 

Gå til sunnmørskart e-Torg

 

Her kan du sjå ein kort video om e-Torg:

Tidlegare i år lanserte Ørsta MinEigedom, og vi er no i gang med å få på plass E-byggesøk saman med kommunane på Søre Sunnmøre. 

Kontakt

Kristin Høydal Sakshandsamar
48251013
@ Kristin Høydal

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende