Sommarlesfest 2018

Klovnen Knut - Klikk for stort bilete

Ørsta hadde 242 deltakarar med på årets Sommarles, noko som svarar til 26,3 % av elevgrunnlaget. Dette er nesten ei dobling av tala frå i fjor, som hadde 132 deltakarar.

Til saman vart det lest 289 058 sider og registrert 2638 bøker under årets Sommarles. Tala frå i fjor var på 194 460 og 1901.

Biblioteksjef Hanne Steinsvik ønska velkomen til Sommarlesfest ved biblioteket, og starta merkeringa med å takke alle deltakarane for god innsats. Underhaldninga for dagen var Klovnen Knut som hadde premiere med si nye førestilling "AlfaBetaSuppe". Det var både underhaldande og lærerikt, og 45 minutt forsvann på eit blunk. Klovnen Knut hadde god kontakt med publikum og det var god stemning både born og vaksne.

 

Premieutdeling

Sommarles - Klikk for stort bilete Etter underhaldninga var det tid for premieutdeling

Ettersom det kvart år er mange av borna som av ulike grunnar ikkje kan kome på avslutningsfesten, vart det i år bestemt at trekkinga av premiane skulle skje på førehand ved hjelp av Sommarles sitt dataprogram. Namn på vinnarane vart trekt ut i frå alle deltakarar uavhengig av talet på sider/bøker som hadde blitt lest.

 

Premie og vinnarar:

  • To hovudpremier: 2 x 2 billetter til teaterforestillingen "Mio min Mio", av Teateret Vårt på Ørsta kulturhus den 5. oktober. Dei heldige vinnarane var Freya Liaskar og Anna Emilie Vatne.
  • Fem gåvekort frå Ørsta kulturhus og kino av verdi á 300 kr.
  • Tre drikkeflasker frå TUSSA med Sommarles-buff
  • Ti bokpremier

I tillegg ble det delt ut storlesar-premie til dei tre som hadde lest mest:

  • Vegard Høydal Skagen
  • Ragna Hofset Kile
  • Jakub Klimek

Til slutt fekk alle borna som hadde møtt opp Sommarles-diplom for innsatsen, og det heile vart avslutta med at alle kunne velje seg en flaske med drikke. Alle borna som hadde møtt opp kunne også få ei liten gåve med Sommarles-design: enten frisbee eller gummiarmband.

Fant du det du lette etter?