AKTUELT NO:

Sol, sykkeltur og generasjonsleikar

Flott vêr og mykje aktivitet på Ørsta stadion. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset


Måndag 20. juni var det duka for aktivitetsdag med sykkeltur og generasjonsleikar på Ørsta stadion.

Aktivitetsdag i regi av Ørsta kommune, Ørsta frivilligsentral, Ørsta ungdomsskule, Ørsta opplæringssenter og Ørsta Røde kors omsorg.

Sola skein og det var godt oppmøte. Dagen blei opna av ordførar Stein Aam som heldt ei lita tale om kor heldige vi er som bur i Ørsta og kor viktig frivilligheita og slike aktivitetsdagar er. Etter opninga var det gymnastikk-oppvarming med Anne Yksnøy. Etterfølgt av fyrste sykkeltur-runde i Ørsta sentrum. Syklistar og passasjerar kosa seg i finvêret.

Dagleg leiar for Ørstahallen og Ørsta frivilligsentral Rebecca Riise Bjerknes er fornøgd med aktivitetsdagen:

Dagen har vore heilt strålande frå start til slutt. Blide folk og god stemning. Mottoet til frivilligsentralane er møte mellom menneske, og akkurat slik var dette dagen.  Born, unge , vaksne, eldre som hadde det kjekt i lag. Dette er fyste gong, men det blir ikkje siste. – Rebecca Riise Bjerknes


Syklistar med passasjerar klare for fyrste runda i Ørsta sentrum. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset
Sykkelturen er eit nasjonalt prosjekt i regi av Norges frivilligsentraler. Hovudmålet med sykkelturen er å sette fokus på meirverdien av å føle seg til nytte i samfunnet. Det går etappar gjennom heile landet frå Nordkapp til Lindesnes. Vi fekk seks rickshawsyklar på besøk. Kjekke lokale sykkelsjåførar syklar dei som ville vere passasjerar ei runde gjennom sentrum; om hamna, gågata og Simahaugen.  

Generasjonsleikane er fyrst og fremst leik og moro på tvers av generasjonar. Det er folkehelse, bruk av nærmiljø og frivillige. Det var potetløp, ballkasting, gå på «line», bowling og andre kjekke aktivitetar. Ungdomsskulen deltok med tre klassar, og nokre seniorar kom også.

Oppvarmingsøvelsar med Anne Yksnøy. Ørsta kommune / Ingvild Marie Taraldset
Alle var samde om at det var ein særs gilde dag!
 

Bildedryss:
 

Følg oss