Snart vert det skatepark ved Ørstahallen

Ørsta kommune planlegg å byggje ein utandørs skatepark, med opsjon om ein treningspark ved sida av denne.

Graving tomt skatepark - Klikk for stort bilete

Manglande tilbod

Skatemiljøet i Ørsta har tidlegare ikkje hatt eit tilbod eller dedikert område der dei kan få utfalde seg. No har opparbeiding av grunn starta og aktuelle leverandørar er inviterte til å gje tilbod på konkurransen om bygging av skatepark.   

Føremålet med konkurransen er å byggje ein utandørs skatepark for aktuelle brukarar i Ørsta sentrum. Parken skal ligge på område som er regulert til park, mellom Ørstahallen og ungdomsskulen. Området er 65 x 25 meter stort, med rulleflate på minimum 800 kvm.

skatepark planteikning - Klikk for stort bilete  

Ein sosial arena

Vi ønskjer tilbod på ein skatepark av god kvalitet, og vi har mellom anna teke utgangspunkt i Norsk Organisasjon For Rullebrett (NORB) sine tilrådingar. Parken skal ha gode løysingar for brukarane, god kvalitet i materialval og framstå attraktiv.

Parken skal oppfordre til kreativitet og aktivitet, og vere eit naturleg samlingspunkt for aktuelle brukarar og innbyggjarar. Parkområdet skal vere ein sosial arena, med moglegheit for uteklasserom for nærliggande skular.

 

Pågåande innkjøpskonkurranse:

Konkurranse: Skatepark 2020

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende