SMS-varsling når Norangsdalen blir stengt

Statens vegvesen har starta med SMS-varsling når fv. 655 gjennom Norangsdalen i Ørsta og Stranda blir stengt. 
 

Dei som ønskjer å få varsel på SMS må sjølv melde seg på tenesta. Tenesta skal gi betre informasjon direkte til dei som ønskjer det når vegen blir stengt eller er planlagt stengt, og når vegen opnar igjen.
 

Sjå korleis på Statens Vegvesen sine sider


- Fv. 655 gjennom Norangsdalen er av dei mest skredutsette vegane vi har og blir ofte stengt grunna skredfare eller skred. Med SMS-varslinga når vi folk med informasjon fort, både når vegen er stengt og ikkje minst når vi opnar han igjen, seier prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Følg oss