Skulestart 1. klasse

Klikk for stort bilete

Alle born som er fødde i 2014 og som bur i Ørsta kommune, eller som flyttar hit innan skulestart, skal starte på skulen i august 2020. Dette gjeld også dei som tidlegare har fått vedtak om utsatt skulestart. Når du har fått brev, gir du svar via Oppvekstportalen.

Kva skule skal barnet gå på?

Foreldre skal ikkje søke kommunen om skuleplass for barnet. Ørsta kommune vil tildele skuleplassane ut i frå kva folkeregistrert adresset barnet har. Det er difor viktig at foreldre sjekkar at folkeregisteret har riktige data om famlien. 

Sjekk opp om folkeregisteret har riktige data

 

Tidsplan for tildeling

Tildeling av skuleplass startar eit halvt år før barnet skal starte på skulen.

Tidspunkt Aktivitet
Januar

Kommunen hentar inn opplysningar kring dei som er fødde i 2014, og arbeidet med tildeling av skule startar.

Elevane vert plasserte etter skulekrinsar. 

Januar/ februar Kommunen sender ut brev til foreldre om kva skule barnet skal gå på. Svarfrist for føresette blir i midten av februar. 
Mars

Etter finjustering av elevplassering, vil kommunen sende ut brev til føresette om endeleg elevplassering. 

Innan 15. mars vil alt vere på plass

August Skulestart på 17. august 2020.