Skuleplass: Har du ikkje fått brev eller epost?

Klikk for stort bilete Vi har fått nokre telefonar frå foreldre som av ulike grunnar ikkje har fått brev eller epost om reservasjon av skuleplass. Gjeld dette deg også? - Då ber vi deg om å ta kontakt med Bjørg Gjersdal på Seksjon skule, slik at vi får løyst problema. 
 

Svar på reservasjon:

Føresette loggar seg på Oppvekstportalen med Bank-ID. Her kan ein svare på tilbodet om plass og samstundes søkje SFO på den skulen de har fått tilbod om. Det er nok at ein av dei føresette gjer dette. Om de søkjer om ein annan skule vil SFO-søknaden automatisk følgje med, så sant søknaden vert imøtekomen. 

Fann du det du lette etter?