Sjukeheim: Retningsliner for besøk frå 18. mai

Klikk for stort bilete
Vi vil no opne for også besøk innandørs. Vi ynskjer framleis at besøka i størst mogleg grad føregår ute. Innebesøka vil være på eigne besøksrom på avdelingane, for somme avdelingar i ein gang som ikkje er godt oppvarma.

Kontaktinfo for Helse og omsorg
 

Retningslinjene er oppdaterte 29.05.2020, dei finn du her


Ved besøk må ein ta kontakt med avdelinga pr tlf. for å avtale tid. Vi må registrere kven som kjem pga. eventuell smittesporing.

Personalet må vere tilgjengeleg ved besøka, difor blir det avgrensa kapasitet. Det må leggast til rette for at alle som ønsker det, kan få besøk. Det vil avgrense kor hyppig den enkelte kan ha besøk. Vi tilrår at besøkande avklarer med hovudpårørande i forkant av at de avtaler med avdelinga, hovudpårørande vil då kunne ha oversikt over besøka til bebuaren og kven det er viktigast at får komme på besøk. Det vil vere dagar og tidspunkt i avdelinga der personalet ikkje har tid og kapasitet til å følge opp besøk, vi ber om forståing for at besøk ikkje alltid let seg gjere når det passar best for gjestane, men vi vil tilretteleggje så godt vi kan.

 

Krav til besøkande:

Besøkande må 

  • vere friske 
  • ikkje vere i nærkontakt til personar med Covidsmitte 
  • ikkje vere i karantene eller vera nærkontaktar til personar i karantene
  • ikkje ha vore i utlandet dei siste 14 dagane før besøket. 

Det er ikkje høve til fysisk kontakt mellom besøkande og pasient. Om du blir sjuk i etterkant av besøk, må vi få beskjed så snart som råd.

Om pasienten er sengeliggande kan vi gjere individuelle tilpasningar for besøk. Dette skal avklarast med einingsleiar, sjukepleiar og sjukeheimslege. Gåver kan leverast personal.

 

Retningsliner:

Innebesøk 

  • Ein tilsett tek imot deg og ser til at hender blir sprita.
  • Det skal være to meter mellom bebuar og besøkande.
  • Besøket er tidsavgrensa til 15 min.
  • Max to besøkande pr. pasient.
  • Det er ikkje høve til å servere noko til pasienten.
  • Vi spritar alle kontaktflater etter besøket.

Utebesøk

  • Personalet trillar/følger pasienten ut
  • Besøkande må sprite hendene
  • Det skal være to meter mellom pasient og besøkande
  • Det er ikkje høve til å servere noko til beburar
  • Besøket er tidsavgrensa til inntil 30 min
  • Inntil tre besøkande pr. pasient
  • Fem meter mellom kvar besøksgruppe
  • Vi spritar alle kontaktflater etter besøket


For alle besøk, vil tilsett/besøksvert enten vere til stades eller jamnleg sjå innom. Om bebuar har bruk for hjelp, er det tilsette som skal hjelpe. Du som besøkande skal IKKJE hjelpe pasient til ei betre stilling,  legge på plass att eit teppe, plukke opp noko frå bakken etc. Ta kontakt med avdelinga på den måten du har avtala med besøksverten/ansvarleg pleiar i avdeling (kan vera via eigen alarmknapp eller telefon). Det er SVÆRT viktig at alle følger desse retningslinjene. Besøkande har diverre ikkje høve til å benytte toalett på sjukeheimen. Ein av dei besøkande kan vere eit lite barn som sit på fanget som ikkje tek på kontaktflater.

Besøkande er sårt sakna på sjukeheimen vi ynskjer dykk hjarteleg velkommen tilbake hit!

Retningslinjene er utarbeidd av sjukeheimslege og avdelingsleiarar i samarbeid med kommuneoverlege.

 

Med helsing

Linda Gramshaug Fonseca, sjukeheimslege