SFO 2018 - 2019 (søknadsfrist 1. april 2018)

Skuleogutdanning - Klikk for stort bilete

Vi ønsker dykk velkomne til å søkje SFO plass i Ørsta kommune. I desse dagar vert det sendt ut informasjonsbrev til føresette om skulefritidsordninga i Ørsta. Søknadsfrist for plass i kommunale skulefritidsordningar er sett til 1.april 2018.

Søknadsskjema

Les meir om:

SFO

SFO pris

Skulerute


De kan velje mellom desse tilboda:

 
 

Vår-2018

Haust-2018

Ordinær

Matpengar

Ordinær

Matpengar

Fullt tilbod (meir enn 19 t/v)

2 830

160

2 905

165

Redusert tilbod (10-18 t/v)

2 085

110

2 140

115

Korttidstilbod (inntil 9 t/v)

1 290

80

1 325

80

Enkelttimar

75

 

75

 

I tillegg må du velje om du søker plass med ferieordning eller ikkje. Syskenmoderasjon vert gjeve med 25% av betaling for 2. og 3. barn, rekna av den plassen som kostar mest.

 

Ferieordninga ser slik ut:

 

Alternativ

Type plass

 

1

SFO-plass utan ferietilbod

Vel ein å betale for SFO-plass utan ferietilbod, har ein samstundes sagt at ein ikkje kjem til å trenge SFO i feriane. Ein kan ikkje kjøpe enkelttimar i ferie-SFO.

2

SFO-plass med ferietilbod

Vel ein å betale for SFO-plass med ferietilbod, kan ein i feriane nytte SFO fullt ut (Sjå oversikt over kjernetid for ferie-SFO på kommunen si heimeside).

3

SFO-plass med ferietilbod utan fast SFO-plass

Ferietilbodet for dei som ikkje har fast SFO-plass vert fakturert på 9,5 månader.

For dei som ikkje søkjer SFO-plass med ferieordning følgjer SFO-tilbodet skuleruta/skuleåret. Det vil seie at  første dag med SFO-tilbod er  20.aug 2018. For dei som søkjer SFO-plass med ferieordning, er første dag 1. aug 2018. Det er ikkje ferietilbod når Ørstaskulen har sine utviklingsdagar. Ferietilbodet i veke 33 vil derfor vere redusert til to dagar, måndag 13. og tysdag 14. august er det tilbod om SFO.

 

Ferie-SFO  for skuleåret 2018-2019 blir fordelt slik:

Aug 2018

Veke 31     1.– 3. aug 

Veke 32      6. -10 aug

Veke 33      13. – 14. aug

(15.-17. aug stengt grunna kommunen sine utviklingsdagar)

Sommarferie

Okt 2018

Veke 41:  8. til 12. okt

Haustferien

Februar 2019

Veke 9:    25.febr  til 1. mars

Vinterferie

Juni 2019

Veke 26:   25. til 29. juni

Sommarferie

Publisert av Elisabeth Sæbønes. Sist endra 05.03.2018
Fant du det du lette etter?