Sentralbordet til Vanylven

Frå 1. mai vert sentralbordet i Ørsta kommune drifta frå Vanylven. 

Dette inneber ikkje større endringar enn at publikum framleis ringjer 700 49 700, men at det er nokon frå Vanylven som tek telefonen i andre enden. Dei som tek telefonen ser at telefonen er til Ørsta kommune, og svarar deretter. 

Som innbyggjar i Ørsta kommune vil du framleis få den gode hjelpa som før. Sentralbordet vil svare på grunnleggande spørsmål, medan dei meir utdjupande og kompliserte spørsmåla vert sett vidare til riktig avdeling og sakshandsamar i kommunen.

Følg oss