Seminar om tilskotsordningar for samfunns- og næringsutvikling

MRF_logo_pos.png - Klikk for stort bilete

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterar til Seminar om tilskotsordningar for samfunns- og næringsutvikling 6. mars 2018!

Jobbar du med samfunns- og næringsutvikling? Har du ein prosjektidé om tettstadutvikling, kultur, næringsutvikling, integrering, klima/miljø, eller andre prosjekt?

Vi vil vise fram kva støtteordningar Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal kan tilby til utvikling, og inviterer kommunar, frivillige lag og organisasjonar og næringsforeningar til seminar.

Tid: 10.00 – 12.45 (registrering frå kl. 9.30).
Frå 12.45-15:00 er det mulegheit for å diskutere ein prosjektide med ein rådgivar.

Stad: Quality Hotel Alexandra, Molde
 

Påmelding her innan 28. februar

 

Program:
 

09:30-10:00 Registrering

10:00 Innleiing. Ved Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar fylkeskommunen

10:10 Korleis komme frå ide til eit godt prosjekt?

Eit godt definert prosjekt styrkar sjansen for å lukkast. Øyvind Herse (fylkeskommunen, prosjektleiar MobPro) gir tips til korleis ein kan bygge opp eit godt utviklingsprosjekt.

11:00 Pause

11:15 Parallelle sesjoner:

·         Tilskot til samfunns- og næringsutvikling

·         Tilskot til klima, miljø, vatn og landbruk

·         Tilskot kultur og frivillig verksemd

12:45-15:00 Diskutere prosjektide. Diskuter din prosjektide med ein rådgivar. Påmelding på førehand.

Arrangørar: Fylkeskommunen og Fylkesmannen

Sist endra 07.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering