Satsinga på heiltidskultur vert pilotprosjekt

Bilete: Heiltidshjulet

Ørsta har i lag med Ulstein kommune blitt valt ut til eit pilotprosjekt om heiltidskultur, i regi av KS- Møre og Romsdal. To einingar/seksjonar i kommunen vår får tilbod om støtte frå KS-konsulentar for å kome i gang med prosessen, og starte opp arbeidet med å skape ein tydeleg heiltidskultur i Ørsta kommune

 Artikkel: Ørsta kommune satsar på heiltidskultur


Det er ikkje noko nytt at Ørsta satsar på heiltidskultur, med målet om at heile stillingar skal vere det normale. Likevel vil dette pilotprosjektet fungere som ein god læringsarena og ei stor drivkraft i prosessen som kommunen allereie har starta på. Erfaringane som blir gjort i pilotprosjektet skal kommunen byggje vidare på i heile organisasjonen.

- Kvifor heiltidskultur
Heiltidskultur handlar i stor grad om haldningar og har store positive konsekvensar for brukarane, arbeidsmiljøet og organisasjonen. Det er avgjerande å sikre kvalitet i tenestene, og for at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Det vil også medverke til at kommunen har rett kompetanse og kan tilby eit godt og lærande arbeidsmiljø. 

- Eg arbeidar i kommunen og vil vere med på pilotprosjektet
Innan 10.november skal motiverte og interesserte einingar/seksjonar melde i frå til Hilde Flotve Mo om dei ønskjer å vere med som pilotar og ambassadørar for heiltidskulturen i kommunen. 

Følg oss