Sæbø barnehage og skule nominert til KLIMASNUprisen – statsforvaltaren på besøk

Den nye Sæbø barnehage og skule som er under oppføring er eit av 3 prosjekt i fylket som er nominert til KLIMASNUprisen som statsforvaltaren skal dele ut etter nyttår. I den samanheng er statsforvaltaren på ei rundreise til dei 3 kandidatane, og Ørsta var første stopp på turen. Statsforvaltaren var først og såg på den nye skulen, og var deretter innom rådhuset.

Trykk deg inn på bileta i galleriet for å sjå større versjon

 

Prosjektleiar for Sæbø skule og barnehage Frank Flusund i samtale med statsfovaltar Else-May Norderhus. Norderhus intervjua Flusund og gjorde opptak til ein videosnutt som skal visast når prisen skal offentleggjerast.

 

 

 

Statsforvaltaren var på besøk i kommunen 2. desember. Frå venstre ordførar Stein Aam, kommunedirektør Wenche Solheim, Statsforvaltar Else-May Norderhus, og assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste.

Kommunen er svært nøgd med Sæbø skule og barnehage, seier ordførar Stein Aam. – Vi er i gang med å planlegge bygginga av den nye vidaregåande skulen i Ørsta, og eg ønsker sterkt at vi får til eit prosjekt som nyttar tilsvarande materialar som det er gjort på Sæbø.

KLIMASNUprisen som delast ut av Stasforvaltaren, er med til å påverke kommunar og næring til å tenke over i meir klimavennlege løysingar som gir minst mogleg CO₂ utslepp.

Samarbeid med fagfolk og ekspertise

Frank Flusund er prosjektleiar for Sæbø skule og barnehage. – Bygget er ført opp i massivt tre, og her er det geografiske utfordringar som verkar inn, seier Flusund. Skulen står i foten av eit skredområde, og bygninga må sikrast slik at den ikkje vert tatt av fonnvind eller av anna materiale som kjem flygande saman i eit stort skred. I forprosjektet måtte vi finne ut om det var mogleg å bygge i tre når naturkreftene er så store. Med god hjelp og tett samarbeid med fagfolk og annan ekspertise i massiv tre, var vi glade for å kome fram til at det miljøvennlege naturmateriale er godt nok dersom bare konstruerer dette på riktig måte. Det finnes også gode støtteordningar for å bygge med klimavenleg mareriale, så det er å håpe at Ørsta og andre kommunar kan hauste erfaringane vi har gjort oss til bruk i andre prosjekt.

Solid utan betong og stål

– Vi er eitt av prosjekta som er nominert til prisen fordi vi no held på å bygge ein skule og barnehage av klimavennlege materiale, seier Flusund. – Dette er eit unikt prosjekt som beviser at vi ikkje treng solide betong- og stålkonstruksjonar som avgir høgt CO₂-avtrykk, men at det går ann nytte klimavennlege tremateriale til konstruksjonsvirke, og vi sparer dermed ca 180 tonn CO₂-utslepp gjennom byggets levetid med å velje trematriale. I tillegg får vi ein ny skule og barnehage med eit godt innemiljø.

I tillegg til Sæbø skule og barnehage er dei nominerte ein bonde som driv svært miljøvennleg på Averøy, og ein grønsaksgartnar i Molde som driv fram salatar utan å bruke jord, men lar plantane vekse i vatn.

Les meir om KLIMASNUprisen

Følg oss