Røykutvikling i Dalane barnehage

Arkivfoto: Dalane Barnehage - Klikk for stort bileteArkivfoto: Dalane Barnehage

I morgontimane i dag vart det meldt om røykutvikling i Dalane barnehage. Evakuering av barn og tilsette gjekk etter planen, og det er ikkje snakk om personskade. 

Det er avklart at brannen starta i eit sikringsskap. Barnehagen er difor utan straum og det vert arbeida med å kartlegge skadene. Dalane barnehage vil informere dei føresette direkte om barnehagen vert open dei neste dagane.

Barnehagen skulle etter planen ha offisiell opning av nybygget sitt i morgon tysdag, dette vert utsatt på ubestemt tid

Fann du det du lette etter?