Reverserar vedtak: Barnehagane vil halde ope delar av juli

Barnehage_banner.jpg

Seksjonsleiar barnehage har i samarbeid med styrarane valt å reversere tiltaket om å stenge barnehagane i juli. 

Dei kommunale barnehagane i Ørsta vil halde ope i juli som vanlig. Det betyr at barnehagane vert stengt berre dei to siste heile vekene, slik det kjem fram av kommunen sine vedtekter.

Kvalitet kostar

I Ørstabarnehagen går det 590 barn i alderen 0-6 år. Dei sju kommunale barnehagane gir tilbod til 342 av desse. I Ørstabarnehagen skal alle bli møtt og behandla på ein god og respektfull måte. Borna skal daglig få oppleve gleda ved å meistre og få positiv tilbakemelding, og dei skal oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring. Dette er sentrale punkt i Ørstabarnehagen sin lokale rammeplan, og mål vi arbeider for kvar dag.

Ørstabarnehagen står for kvalitet og det skal den framleis gjere! Men kvalitet kostar og den økonomiske ramma som seksjon barnehage fikk for 2018 er for låg for å yte ei kvalitativ god teneste for barn og føresette. Også for resten av økonomiplanperioden er ramma for seksjonen for låg, og seksjon barnehage har på lik linje med dei andre seksjonane fått klar bestilling frå kommunestyret om å kome med forslag til vidare innsparing, både på kort og lang sikt.  KOSTRA-analyse av seksjon barnehage viste at det er minimalt å spare på drift med den strukturen vi har i dag. Skal barnehagane spare pengar må det enten gå utover bemanning og pedagogtettleik eller det må byggast ein ny stor barnehage.


Ramme på 91 millionar

Seksjon barnehage har fått ei ramme på 91 millionar. Dette skal fordelast både på kommunale og private barnehagar. Utgifter kommunen brukar på dei kommunale barnehagane vert utgangspunkt for utrekning av tilskot til private barnehagar om to år. Dette er lovbestemt i forskrift om tilskot til private barnehagar. Talet på barn og alderen på desse er utgangspunkt for kva bemanning den einskilde barnehage skal ha. Per i dag seier lova at det skal vere ein pedagogisk leiar per 7 barn under tre år, og 14 barn over tre år. Bemanning ut over dette skal vere tilstrekkelig og forsvarlig. Ørsta kommune sine vedtekter seier at det skal vere om lag tre barn per vaksne når barna er under tre år og om lag seks barn per vaksne når dei er over tre år. Ei ny nasjonal bemanningsnorm er varsla å bli vedtatt i mai 2018.

Innhaldet i barnehagen er regulert i lov om barnehagar og rammeplan. I ny rammeplan som trådde i kraft august 2017 står det tydelig at både barnehageeigar, styrar og pedagogisk leiar har ansvar for at innhaldet i barnehagen er i tråd med lov og rammeplan. Barnehageeigar skal også fastsette vedtekter. Ørsta kommunestyre er eigar av dei kommunale barnehagane i kommunen. Styrar i den einskilde barnehage representerer eigaren i det daglige arbeidet ute i barnehagane. 

 

Reaksjonar på stengde barnehagar

Seksjon barnehage har gjennom fleire år jobba målbevisst for å auke talet på barnehagelærarar og for å redusere talet på barn per vaksen. Dette mellom anna for å møte nye lovendringar våren 2018. Likevel valde seksjon barnehage å fremme tiltak som ikkje er i tråd med dette. Seksjonsleiar barnehage la fram innsparingsforslag om å auke tal på barn per vaksen og å legge ned den midlertidige avdelinga på Sæbø. Det vart også meldt frå om at kvaliteten på tenestene måtte reduserast på grunn av for låg ramme. Eit tiltak her var å stenge barnehagane heile juli. Seksjonen sitt forslag var mellom anna basert på erfaringar vi har om behov for barnehagetilbod i juli.                                      

Som venta fikk vi reaksjonar på dette, frå fleire hald: føresette, tilsette og kommunestyret.

For å nå krav i barnehagelova og dei ulike måla i lokal og sentral rammeplan treng seksjon barnehage ei høgare økonomisk ramme. Det treng også dei andre seksjonane i kommunen. Skal seksjon barnehage få meir, må andre få mindre. Seksjon barnehage ynskjer ikkje at grupper i kommunen skal settast opp mot kvarandre. Ørsta er ei kommune og alle må dra lasset i lag.


Reverserar tiltak om å stenge barnehagane i juli

Seksjonsleiar barnehage har i samarbeid med styrarane valt å reversere tiltaket om å stenge barnehagane i juli, sjølv om vi meiner dette er det tiltaket som råkar færrast. Å finne andre tiltak er vanskelig utan å ramme dei som treng det mest.

Seksjon barnehage greier ikkje å løyse dette aleine! Vi treng å spele på lag med eigarane våre –  kommunestyret! Det skjer mykje positivt i kommunen vår, men kostnaden for dette går ut over den ordinære drifta av tenestene. Korleis kan vi møte dette i fellesskap utan å bryte lover og avtalar?

  • Vi set pris på og treng føresette som engasjerer seg både i barnehagen sitt innhald og i den økonomiske drifta.
  • Vi treng tilsette som har fokus på nærvær.
  • Vi treng ein eigar som har tillit til at vi i seksjonen gjer kloke val og vurderingar i tråd med fastsette lover og vedtekter, og har tru på dei behova vi legg fram.

2018 blir eit stramt år, men gjennom samarbeid med alle partar vil vi prøve å halde den ramma vi har fått.

Ørsta 27.02.2018
Reidun Mo, seksjonsleiar barnehage

Følg oss