Retningslinjer for besøk på sjukeheimar (25.06.2020)

Klikk for stort bilete
Desse retningslinjene gjeld ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen.

Etter anbefalingar i Helsedirektoratet sin vegleiar for besøk i helse- og omsorgsinstitusjonar er det utarbeidd retningslinjer for besøk ved institusjonane våre. Den overordna målsetjinga er å unngå at det kjem smitte med Covid-19 (korona) inn i sjukeheimane våre.

Akkurat no er smittesituasjonen lokalt og regionalt oversiktleg og vi har ikkje påvist smittetilfelle i Ørsta sidan slutten av mars. Det har heller ikkje vore påvist smitte hos bebuarar eller tilsette ved sjukeheimane i kommunen.

Det er leiinga i samarbeid med kommuneoverlege som fortløpande vurderer dei smitteførebyggande tiltak  utifrå smittesituasjon. Desse retningslinjene kan difor endre seg dersom smittesituasjonen endrar seg.

Ytterdørene vil framleis vere låste då eit av dei viktige tiltaka for å redusere smitterisiko er streng besøkskontroll.

For å kunne praktisere gode smittevernsrutiner må besøk avtalast på førehand og det vil vere nokre avgrensingar på hyppigheit og varigheit ut i frå kapasiteten på avdelinga.

Kort om det du må hugse på når du skal på besøk på sjukeheimen

  • Du må avtale besøket med ansvarsvakta på avdelinga på førehand. Så langt som råd ber vi om at du ringer dagen før i tidsrommet 11-15 og før kl. 15 fredag for besøk i helga
  • Du må vere frisk når du kjem
  • Ha god handhygiene
  • Unngå å klemme
  • Hald ein meters avstand
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen
  • Besøk skal helst vere korte

Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.

Utfyllande retningslinjer for besøk på sjukeheimane

Mvh

Linda Gramshaug Fonseca
Sjukeheimslege

Unni Natås
Kommuneoverlege

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende