Retningslinjer for besøk på sjukeheimar (07.09.2020)

Klikk for stort bilete
Desse retningslinjene gjeld ved Ørstaheimen, Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen.

Oppdateringar 07.09.2020:

Då den lokale smittesituasjonen har vore stabil etter sommarferien, kan me igjen ha mildare besøksrestriksjonar. Endringane 7.9. er at besøk kan avtalast same dag (unntak helg), tur ut frå sjukeheim/permisjon vert tillate og besøkslengd inne kan vere 1 time (unntak korttidsavdelinga). 

Utfyllande retningslinjer for besøk på sjukeheimane

Det er leiinga i samarbeid med kommuneoverlege som fortløpande vurderer dei smitteførebyggande tiltak utifrå smittesituasjon. Desse retningslinjene kan difor endre seg dersom smittesituasjonen endrar seg.

Kort om det du må hugse på når du skal på besøk på sjukeheimen

  • Besøk avtalast med avdelingsleiar, avtale kan gjerast same dag unntatt for helg då må det avtalast seinast fredag. Avtale må gjerast mellom kl. 10.00 - 14.30.
  • Besøk skal fortrinnsvis føregå mellom kl. 11.00 - 18.30. Besøkslengd inne og ute bør avgrensast til 1 time.
  • Du må vere frisk når du kjem
  • Ha god handhygiene
  • Unngå å klemme
  • Hald ein meters avstand
  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen

Dersom du etter besøket får påvist Covid-19 smitte eller vert definert som nærkontakt til smitta er du pliktig til å melde frå til institusjonen om dette.

 

Mvh

Linda Gramshaug Fonseca
Sjukeheimslege

Unni Natås
Kommuneoverlege

Kontakt

Ingrid Mork Einingsleiar Solkroken
70048842
@ Ingrid Mork
Dagrun Opsal Einingsleiar korttidsavdeling
70048822
@ Dagrun Opsal
Kyrre Skavøy Einingsleiar Bakketun
70048832
@ Kyrre Skavøy
Hege Fossheim Marøy Einingsleiar Buavdelinga (vikar)
70048862
Vartdal helsetun hovudnummer
700 45 000
Hjørundfjordheimen hovudnummer
70045750

Følg oss

Gode lenkjer

Siste nyhende