Rekneskapstal 2018

Som varsla, kunne det kome endringar i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen. Det har kome fram at resultatet var betre enn det som først vart signalisert.

Netto driftsresultat er om lag kr 4,7 mill. Dette utgjer 0,53 % av driftsinntektene. Etter bruk av fond og avsetningar er overskotet på kr 14,7 mill.

- Frie inntekter (skatt og rammetilskot) er kr 16,6 mill. høgare enn budsjettert. Av dette utgjer utbetalinga frå havbruksfondet kr 8,7 mill.

- Netto finansutgifter er kr 4,9 mill. lågare enn budsjettert.

- Tenestene (sektorane og administrasjon) har eit netto meirforbruk på om lag kr 5,1 mill. Det er særleg barnehage, pleie og omsorg og eigedom som har meirforbruk.


Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.

Wenche Solheim
Rådmann

Følg oss