Reiselivssatsinga i Hjørundfjorden
Elisabeth Sæbønes
I samband med dei første anløpa frå Hurtigruta sine ekspedisjonsskip i Hjørundfjorden har det vorte stilt spørsmål ved den demokratiske forankringa av dette.
Denne aktiviteten må sjåast i lys av vedtak som er gjort av Ørsta kommunestyre og dei prosessane som låg til grunn for vedtaka.
Masterplanen for produktutvikling av reiseliv vart vedteken av Ørsta kommunestyre 26.juni 2018. Planen vart utarbeidd med stor grad av medverknad frå innbyggjarar og reiselivsverksemder. Det går fram av denne planen at store cruiseskip ikkje er eit satsingsområde for reiselivet i Hjørundfjorden.
I dette marknadsområdet skal det i staden satsast på skipsopplevingssegmentet, til dømes explorerskip. Hurtigruta sine ekspedisjonsskip må, etter kommunedirektøren sitt syn, vurderast å vere i samsvar med satsingsområdet innanfor dette marknadsområdet som er priortert i planen.
I sak 49/21 gjorde kommunestyre vedtak om å løye 250 000.- kr. eks mva til ein risiko- og sårbarheitsanalyse og eventuelle tiltak for ISPS- sikring av kommunal kai på Sæbø, som ledd i oppfølging av reiselivsplanen. Hjørundfjord hamn, beståande av tenderbrygger på Urke og Sæbø, er no godkjende i samsvar internasjonal standard og under kontroll av Kystverket, som er det overordna nasjonale kontrollorgan. Det er ikkje behov for faste fysiske stengslar knytt til desse bryggene, men det vil vere skilting og vakthald ved anløp.
I sak 49/21 gjorde kommunestyret også vedtak om kvar oppstillingsplass for turistbussar bør vere. I tillegg vart det føresett at kommunedirektøren gjer greie korleis ISPS- godkjenning vil kunne påverke framtidig kontroll over tal på turistar og anløp og korleis kommunen kan regulere volumet av turismen. I tillegg føresette kommunestyret at ilandstigningspunkt og ordninga med mottak av skipspassasjerar skal evaluerast innan 2023. Kommunedirektøren arbeider med å legge fram dei utgreiingane som kommunestyret har bedt om.
Publisert av Elisabeth Sæbønes
Sist endra 05.10.2021 09:37