Regjeringa presenterar eiga koronaside for foreldre

Klikk for stort bilete

Det kan vere krevjande for foreldre (og befolkninga generelt) å halde seg oppdatert i informasjonsjungelen om korona. Det har skjedd mange justeringar og oppdateringar undervegs. I dag lanserte regjeringa ei eiga side for foreldre.

På denne sida finn ein  kortversjonen av alt du treng å vite som forelder når det gjeld koronasituasjonen. Du kan også klikke deg vidare for å lese meir om dei forskjellige reglane.

Sida er delt opp etter barn i ulik alder - barn i barnehage, elevar på barneskule og elevar på ungdomsskule og vidaregåande.

 Regjeringa si side til foreldre