Regional- og næringsutvalet på besøk i Ørsta

Klikk for stort bileteStein orienterar Regional- og næringsutvalet

Ørsta kommune husa Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal tysdag 7. mai.

Ordførar Stein Aam starta dagen med å fortelje om Ørsta og fremje høgdepunkta frå kommunen. Rådmann Wenche Solheim orienterte om tettstadsutvikling, næringsutvikling og samarbeidet med fylkeskommunen, før det vart synfaring og høve til å vise Ørsta sentrum, utviklinga og framtidstankane i praksis.

Utviklingsplanen Ørsta kommune 

 

Det heile starta med Europan

Prosessen med tettstadsprosjektet og sentrumsutviklinga i Ørsta starta med den internasjonale arkitektkonkurransen Europan. Tegnestuen FELT vart vinnaren av konkurransen med bidraget «Connecting Ørsta». Les meir om vinnaren av arkitektkonkurransen Europan her.

Utviklingsplanen til FELT ligg også til grunn når kommunen har utarbeidd ny reguleringsplan for Ørsta sentrum som er til behandling.  

 

Synfaringa – gjekk i utviklingsplanen sine fotsteg

Klikk for stort bilete

(Trykk på biletet for å gjere det større)

Utviklingsplanen for Ørsta sentrum byggjer på 3 hovudgrep; Det urbane bandet, Parkbandet og Idretts- og utdanningsbandet. Synfaringa gjekk frå Rådhuset, forbi kulturhuset og plasseringa av ny Ørsta VGS, langs heile Idretts- og utdanningsbandet mot Ørstahallen. Frå Ørstahallen gjekk turen mot Parkbandet, Haldeplassen og Vikeparken, og til slutt inn mot det Urbane bandet med Kunsthuset på Haftor Hovden plass og Svendsengarden i Vikegata.

 

Svendsenhagen ferdigstilt i 2018

Synfaringa vart avslutta med lunsj på Svendsengarden, som er eit av områda som har fått seg ei opprusting i høve tettstadsprosjektet. Svendsenhagen vart ferdigstilt i 2018, med eit naturleg amfi, buldrevegg og busslomme mot E39. Artikkelen frå opprustinga, finn du her.

På bileta under ser du likheitstrekka mellom Utviklingsplanen til Tegnestuen FELT og det reelle produktet.

Klikk for stort bileteSlik ser Svendsenhagen ut i dagKlikk for stort bileteTegnestuen FELT sin illustrasjon

 

Bedriftsbesøk

Etter lunsj fekk Regional- og næringsutvalet besøke Tine Meieriet Ørsta og Aquagen AS, avd. Profunda, og Ørsta kommune takka for besøket.

Meir om Regional og næringsutvalet finn du her:

Fann du det du lette etter?