AKTUELT NO:

Rådet for likestilling og funksjonshemma i Ørsta takkar Eldreombodet

Dei rettar ein stor takk til Eldreombodet som har arbeidd fram ein god bransjeavtale med Finans Norge.

Eldreombodet har fått gjennomslag for at alle norske banka vert pålagt å hindre at bankkundane hamnar i digitale utanforskap. Eldreombodet utfordra Finans Norge, bankane sin organisasjon, og dei har no nyleg vedteke ein såkalla bransjenorm.

Bankane skal difor framover syte for følgjande:

  • å ha eit tilbod til kundar som gjer det mogleg å få kontoinformasjon, betale rekningar og overføre pengar utan hjelp av digitale løysingar
  • tilby rådgjeving til kundar som er i ein overgangsfase frå digitale til anaologe tenester, eller som ikkje beherskar dei digitale løysingane
  • sørge for lett tilgjengeleg informasjon som er tilrettelagt og relevant for kundegruppa
  • tilby rettleiing i banken sine digitale løysingar
  • at det er enkelt å opprette ein fullmakt til ein annan person

Kort oppsummert kan ein seie at bankkundar no har krav på å få god informasjon og rettleiing hjå banken, uavhengig av om dei er vant med digitale verktøy eller ikkje.

   

Nettartikkel frå Eldreombudet

 

Rådet for likestilling av funksjonshemma i Ørsta har tidligare hatt ein uttale til dei lokale bankane om dette med digital utanforskap, der dei oppmoda bankane om å ha nokre tider der kundane kan komme og få hjelp med dei banktenestene som dei ikkje klare sjølve.
No håpar dei at alle som treng hjelp på ulike måtar får dette.

Følg oss