Sambruk
For å få mest mogleg verdi ut av investeringa som gjerast, er det ønskeleg at alt areal nyttast mest mogleg gjennom opningstida. Det kan bety at areal som nyttast av den vidaregåande skulen på dagtid kan nyttast av ein eller fleire av Ørsta kommune sine funksjonar på kveldstid. Av kommunale funksjonar er kino, kulturhus, bibliotek, kaihuset, dagsenter, opplæringssenter og kulturskule vurdert inn i bygget.
Involvering av aktørar
Engasjementet i saka har vore stort, særleg frå lag og organisasjonar som brukar kulturhuset i dag. Det har vore halde opne folkemøte og møte med brukarar av det nye kulturhuset for å kartlegge behov for areal og å vurdere utfordringar og løysingar. Fylkeskommunen, saman med Ørsta kommune, har arrangert fleire prosjektverkstadar, der det har vore arbeidd med effektmål, synergiar og sambruk med alle brukarar og andre involverte.
Rår til riving av noverande kulturhus
Ørsta kulturhus slik det er i dag har fleire utfordringar knytt til mellom anna byggteknisk tilstand, tilstanden på tekniske anlegg, manglande universell utforming og brannteknisk tilstand. Basert på tilstandsvurderinga er det difor gjennomført ei alternativsvurdering knytt til kulturhuset. Kommunedirektøren rår til riving av kulturhuset og felles nybygg saman med Ørsta VGS.
Politisk handsaming
Neste veke skal funksjonsprogram med alternativsvurdering opp i formannskapet og kommunestyret, med følgande tilråding frå kommunedirektøren:
- godkjenne funksjonsprogrammet for K1802 Ørsta KKS, dagsett 29.10.2020
- godkjenne samfunnsmål, effektmål og resultatmål for prosjektet i samsvar med kommunedirektøren sitt saksframlegg
- legge til grunn alternativ 3, riving av noverande kulturhus og nybygg for alt arealbehov i funksjonsprogrammet
- godkjenne at Møre og Romsdal fylkeskommune vert byggherre for prosjektet
- legge til grunn at synergiar som følgje av sambruk skal gje lågare årskostnad for Ørsta kommune.
Funksjonsprogrammet vart einstemmig vedteke av fylkestinget måndag 7.desember.
Meir informasjon
Ønskjer du å setje deg betre inn i saka, lese funksjonprogram, tilstandsvurdering og alternativsvurdering?