Pressemelding

Ørsta kommune og Romarheim Entreprenør AS har inngått ein forliksavtale i tvistesaka om sluttoppgjeret etter ei grunnentreprisekontrakt på Melsgjerdet næringsområde.

Forliket er godkjent av kommunestyret i Ørsta kommune i møte 14. des. 2023. 

Forliket inneber at kommunen betaler til Romarheim Entreprenør AS kr 24,75 mill. (ekskl. mva) utover det som alt er betalt. Kommunen har med det betalt om lag kr 66,5 mill. (ekskl. mva) av eit samla krav frå Romarheim Entreprenør AS på om lag 130 mill. (ekskl. mva). 

Gjennom dette er alle omtvista krav i saka løyst. Det vert dermed ikkje hovudforhandling i Møre og Romsdal tingrett, som var tidsett til sju veker i januar og februar 2024.

Følg oss