Pressemelding: Førebels årsrekneskap frå Ørsta kommune

Bildet viser Økonomisjef Jan Inge Bueide og kommunedirektør Wenche Solheim. - Klikk for stort bileteØkonomisjef Jan Inge Bueide og kommunedirektør Wenche Solheim. Ingvild Marie Taraldset

 

Førebels årsrekneskap 2022 for Ørsta kommune viser eit positivt netto driftsresultat på kr 14,8 mill.

Dette utgjer 1,42 % av brutto driftsinntekter. Det tilrådde nivået er 1,75 %, og netto driftsresultat ligg med dette kr 3,4 mill. under tilrådd nivå. Av overskotet går om lag kr 7,0 mill. til å styrke bundne driftsfond, medan om lag kr 7,7 mill. går til å styrke disposisjonsfondet.

Dei frie inntektene vart vesentleg høgare enn justert budsjett. I hovudsak skuldast dette at rammetilskot og andre statlege overføringar vart kr 38,3 mill. høgare enn budsjettert grunna auka kompensasjon for utgifter grunna Covid-19 og auka overføringar som følgje av den store auken i flyktningar frå Ukraina. I tillegg vart skatteinntektene kr 30,8 høgare enn budsjettert. I høve andre frie inntekter vart det ein reduksjon på kr 2,8 mill. der kr 1,3 mill. kom frå redusert eigedomsskatt og kr 1,5 mill. frå redusert konsesjonsavgift til kommunen. Totalt vart dei frie inntektene kr 66,3 mill. høgare enn budsjettert.

Av tenesteområda (seksjonane og stabane) hadde helse og velferdstenester det største meirforbruket i kroner med 16,5 mill. (11,9 %). Noko av meirforbruket skuldast utgifter grunna Covid-19 som vart kompensert av Staten på slutten av året, men ikkje fordelt ut på dei ulike seksjonane. Det same gjaldt utgifter og overføringar grunna auken i talet på mottak av flyktningar. Det største meirforbruket i prosent hadde tekniske tenester med 17,2 % som svarar til kr 5,6 mill. Totalt hadde tenesteområda eit meirforbruk på kr 33,0 mill. (4,7 %).

Netto finansutgifter vart kr 5,6 mill. lågare enn budsjettert, der kr 3,3 mill. kom av lågare minimumsavdrag, kr 1,1 mill. av lågare renteutgifter og kr 1,2 mill. av høgare renteinntekter.

Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for politisk behandling seinare i år. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.

Følg oss