Pressemelding 26. mai: Oppdatering om koronasituasjonen

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Det er gått 2 månader sidan siste smittetilfelle i Ørsta kommune. Det vitnar om at vi samla sett har vore flinke og gjort gode tiltak for å hindre stor smittespreiing i vår kommune.

Når det er så lenge sidan vi har fått positive prøver og vi har blitt så vande med «den nye normalen», er det diverre lett å bli uforsiktige. Kanskje er du ikkje lengre like flink til å vaske hendene når du kjem heim frå butikken, eller halde ein meters avstand frå turkameratar? - Vi forstår det er vanskeleg å halde trykket oppe, men diverre så stoppar ikkje arbeidet her. Vi må halde fram med dei gode vanene med hyppig og god handhygiene, avstand på minst 1 meter og den felles dugnaden vi har starta på. 

Her finn de FHI sine oppdaterte retningslinjer
 

Ørsta kommune følgjer nasjonale retningsliner

Nasjonale myndigheiter har gitt oss alle retningsliner som gjer at vi kan lette litt på dei strenge krava, og prøve gå tilbake til ein litt meir normal kvardag. Likevel understrekar dei at dette må skje gradvis og kontrollert, det er noko vi i Ørsta kommune må følgje opp. 

Fokuset på å kunne gjere god smittesporing ved ev. oppblussing er eit hovudpoeng no når ein opnar for meir undervisning, fritidsaktivitetar, små arragement, mindre heimekontor og litt meir besøk på institusjonar. Dei som har luftvegssymptom eller kjenner seg sjuke, må framleis halde seg heime. Og får vi konstantert smitte kan vi i verstefall risikere at større arbeidsgrupper ikkje kan kome på jobb og må isolerast, som igjen gjer at vi vi må stenge ned tilbod som vi endeleg har fått opna opp igjen. - Dette må vi prøve å hindre at det skjer!
 

Tiltak på Ørsta rådhus

Når fleire tilsette no kjem tilbake på rådhuset etter ei periode med heimekontor, så må vi som alle andre arbeidsplassar gjere gode tilpassa tiltak for å hindre ev. spreiing av smitte. Hovudregelen vil framleis vere at ein har møter over videosamtale, redusert tilgang til kantine, oppdeling av grupper og større mellomrom mellom oss i lunsjavviklinga og hyppig reingjering av eigen arbeidsplass og andre kontaktpunkt. Servicekontoret er ope mellom 10-14 kvar dag, slik at det er mogleg å reingjere alle kontaktpunkt både før og etter opningstida. 
 

Ferie og reiser sommaren 2020

Sommaren 2020 kjem til å bli annleis, og vi må halde oss mykje meir heime enn det som er normalt. Vi oppmodar alle om å halde seg oppdatert på dei nasjonale smittevernråd for ferie og reise. Desse finn de her:

FHI: Reiseråd knytt til koronavirus

 

Oversikt over nylege artiklar om kvar vi er i dag: