Pressemelding 23.03.2020: Karantenevedtak

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppmoda alle kommunar om å fatte vedtak etter smittevernlova §4-1 bokstav d, i sju dagar. Eit slikt vedtak skal mellom anna gi heimekarantene i 14 dagar for personar som kjem frå fylka Oslo, Vestfold og Telemark, Viken, Innlandet, Agder, Rogaland og Vestland.

Ørsta kommune oppmodar alle innbyggjarar til å følgje nasjonale råd, reise minst mogleg og unngå kontakt med andre i størst mogleg grad.

Ørsta vel i samråd med kommuneoverlegen å ikkje innføre lokalt reiseforbod pr no. 

 

Tiltaka vi følgjer ligg på nasjonale sider:

Helsenorge.no/koronavirus/karantene-og-isolasjon 

FHI: Karantene og isolasjon