Pressemelding 20.03.2020

Til saman vart det teke vel 87 prøver denne veka. Av desse har vi hittil fått 46 prøvesvar, som alle er negative. Vi ventar difor på vel 41 prøvesvar i det vi går inn i helga. 

Sjølv om vi får så mange negative prøvesvar må vi likevel vere førebudde på at det kan kome fleire positive prøver, enn dei 4 som har kome hittil. Indikasjon for testing er strenge, noko som gjer at få blir testa. Her følgjer Ørsta kommune dei nasjonale retningslinjene for kven som vert testa. Vi må gå ut i frå at det kan finnast smitte som vi ikkje veit om. Det er difor svært viktig at alle følgjer råd og anbefalingar frå www.fhi.no og www.helsenorge.no/koronavirus.

Her kan de lese våre daglege statusoppdateringar på smitte.

 

Ny transportløysing for prøvene våre har vore med på å auke effektiviteten på prosessen frå prøvetaking til prøvesvar. Torsdag 19. mars innførte vi eit samarbeid med Volda kommune, der ein eigen sjåfør køyrer prøvene direkte til Molde, der testsenteret ligg. På denne måten sikrar vi at prøvene kjem fram til testing så raskt som mogleg. 

Ørsta kommune legg stor vekt på å følgje råd og retningsliner frå sentralt hald og samordne seg med fylkesmannen og nabokommunane. I tillegg har vi gjennomført fleire tiltak for å ruste troppene våre for ei tøff tid. For å redusere smitterisikoen er det mange som jobbar heimanfrå og dei som er på jobb held avstand og er delt opp slik at eventuelle smittetilfelle skal gjere minst mogleg skade. Dette fører naturleg nok til at den samla kapasiteten vår er redusert. Kommunen har relativt god kontroll på situasjonen slik den er i dag takka vere mange dyktige og ikkje minst engasjerte medarbeidarar. Vi er svært takksame for at så mange har meldt seg til innsats både innan helsearbeid og anna. Alt er registrert og vi vil ta desse ekstra ressursane i bruk etter behov. - Tusen takk!  

Vi alle, både innbyggjar og tilsette i Ørsta kommune må hugse å tenke avstand og handhygiene, både på jobb og heime. Vi oppmodar om å ikkje oppsøke sosiale samankomstar, men halde seg minst mogleg i lag med andre i denne perioden. Ta heller strikkeklubben over video, slå på same film samstundes i kvar dykkar heim eller kaffipraten over telefon, her gjeld det å bruke kreativiteten! 

Til slutt vil vi takke innbyggjarane våre for tolmodet og for at de er med på denne felles dugnaden! 

Retteleg god helg til alle og ein kvar!