Pressemelding 03.04.2020: Påske i Ørsta kommune

Klikk for stort bilete Centers for Disease Control and Prevention/Wikimedia Commons  

Til og med fredag er det teke 159 prøver, og vi har framleis 5 registrerte smittetilfelle. 

Denne veka er det teke 34 testar, og vi har per i dag fått svar på 25 av dei. – Det er ikkje registrert nye smittetilfelle denne veka. Vi ventar på 9 prøvesvar frå torsdag og fredag
 

Kvifor har vi hittil så få registrerte smittetilfelle i Ørsta?

Sjølv om det ikkje har blitt registrert nye smittetilfelle i Ørsta kommune denne veka, oppmodar vi likevel innbyggjarane våre om å halde fram med å vise varsemd, då mørketala kan vere store. Grunnen til at vi understrekar registrerte smittetilfelle, er fordi det truleg er ein del i samfunnet som er smitta, men som ikkje vert kartlagt via testing. Alle kan ikkje testast, og dette gjer at vi ikkje veit nøyaktig kor stor del av befolkninga som er smitta. Testkriterier for koronavirus.

Det er mykje som tyder på at vi stort sett følgjer og utøver dei nasjonale retningslinjene godt. At kvar og ein av oss følgjer tiltaka, er uvurderlige bidrag til å hindre at smitten spreier seg. Når vi utfører god handhygiene og held oss mykje heime og vekke frå andre, er vi faktisk med på dugnaden. – Tusen takk for at du bidreg!
 

Koronatesting i påska

Ørsta og Volda samarbeidar om koronatesting på raude dagar i påska. I tidsrommet 9. - 13. april vert det no èin testdag: fredag 10. april.

Personar som treng vurdering for test, må ringje legevakta på tlf. 116 117 i tidsrommet 09.00 - 12.30 på testdagen. – Om legen seier at du skal testast, får du beskjed om kvar og når du skal møte opp. Ber om at de tek kontakt så tidleg som råd på testdagen, slik at vi unngår kø.

Testdagar:

  • veke 15: man - tirs - ons - fre
  • veke 16: tirs - ons - tors - fre

NB: Vi hadde tidlegare annonsert fleire testdagar i påska, men no blir det altså berre på langfredag. Endringar skjer fort om dagen, og det er gjort ei ny vurdering på at èin testdag på raude dagar i påska er det luraste. Dette grunna strenge krav for testing, testkapasitet og personell. Vi takkar for tolmodet og forståinga for dette. 

 

Kva skjer etter påske, vil barnehagar og skular opne?

Det er enno ikkje gitt signal om korleis regjeringa ser på opning av barnehagar og skular etter påske, og kva krav som i så fall skal gjelde frå sentralt hald. Ei avklaring er varsla å kome 8. april, altså midt i påskeveka.

Kriseleiinga i Ørsta kommune avgjorde fredag 03.04.20, etter innspel frå skuleleiinga og organisasjonane i arbeidslivet, at Ørstaskulen første veka etter påske held fram med same opplæringa som no, dvs i hovudsak nettbasert.  På skulane vil det framleis verte gitt tilbod for elevar med føresette med arbeid i kritiske samfunnsfunksjonar og for elevar med særlege behov, i vid forstand.

Ørsta kommune ser heller ikkje at det vil vere forsvarleg å opne barnehagane i full skala med den kunnskapen ein har no. Korleis og når ein vil opne opp, vil vere avhengig av nasjonale føringar og fagleg vurdering av kommuneoverlegen. Konklusjonen er difor at ein ikkje kan rekne med normal drift i barnehagane første veka etter påske.

 

Kva med påska 2020?

Kommunale barnehagar og skular vil ikkje ha eit tilbod om tilsyn påskedagane. Ei kartlegging syner at få eller ingen har behov for slikt tilbod. Ørsta kommune har elles både beredskap og døgnopne tilbod i påska som elles i helg og høgtider.

Påska i år vert diverre annleis for oss alle, og det er svært viktig at vi held fram med den gode trenden og set smittevernstiltaka som er innført dei siste vekene i førarsetet. De som er friske og utan luftvegssymptom – Ver aktive og ver ute, men hald dykk mest mogleg vekke frå andre enn dei som er i same husstand som deg sjølv. Hugs retningslinene:

  • Fleire enn 5 personar skal ikkje være saman i ei gruppe
  • Dette gjeld for aktivitet og opphald i parkar, på turstiar, i ballbingar og på utandørs idrettsanlegg
  • Alle må sørge for å ha 2 meters avstand til andre menneske
  • Hald fram med gode rutiner på handvask - vask hendene hyppig og grundig.
  • Når vi handlar, tek vi ikkje med heile familien – ein person er nok.

Forbod mot enkelte kultur- og idrettsarrangement

 

Klikk for stort bilete 

Lenkje til nasjonale råd og informasjon om koronaviruset


Kva betyr dei nasjonale tiltaka mot koronaviruset for kva ein kan gjere i påska?

Regjeringa har forlenga dei nasjonale smitteverntiltaka til 13. april. Styresmaktene ber befolkninga om å unngå alle reiser som ikkje er nødvendige, både innanlands og utanlands. Det gjeld også det å reise heim til påske og andre typar feriar.

Unngå offentleg transport og andre stadar der du lett kjem nær andre, viss du kan. Dei som kjem frå reiser i utlandet skal i karantene. Helsepersonell som jobbar med pasientbehandling er forbodne å reise til utlandet. 

 

Tenkt deg på hytta eller på campingtur?

Er du freista til å reise på hytta eller til fritidsbustaden din? - Ikkje gjer det.

Årsaka til at vi har dette nasjonale forbodet er rett og slett fordi helsetenesta i alle hyttekommunar ikkje har kapasitet til å ta hand om hyttebebuarar i tillegg til eigne innbyggjarar.

 

Kva med besøk til vener og familie?

Dei i familien som er friske og bur saman, kan vere i lag som vanleg. Det gjeld også barn i skilde familiar. Besøk og samvær med andre utanfor familien bør avgrensast. 

Viss du er i ei risikogruppe, er råda ekstra viktige for deg. Har du tenkt å besøke slektningar over 65 år? Då må du tenke på at dei er i risikogruppa for å bli alvorleg sjuke viss dei vert smitta av koronaviruset. Barn og vaksne med kroniske sjukdomar er også i risikogruppa. Dei må skjermast frå smitte. 

 

Kva kan ein finne på i påska?

Kanskje du vil utforske ein sti eller turveg du ikkje har gått på før?  Brettspel kan vere like kjekt heime som i fritidsbustaden, og langrennsløypene, dei offentlege leikeplassane vil vere opne - Men hugs at du må halde avstand, både i løypa og på parkeringsplassen. Utøv god og hyppig handvask, ver heime ved sjukdom, hald to meters avstand og ver ikkje fleire enn fem personar i lag. 

Mange aktørar, både lokale og nasjonale, byr på oppleving og fellesskap på internett. Sjå etter – og tips gjerne andre om det du finn.

 

Biblioteket opnar for bestilling av bøker og film

Biblioteket har fått løyve av kommuneoverlegen til å byrje med utlån som er organisert på ein slik måte at dei fylgjer reglane for smittevern.

Sidan biblioteka i Noreg ikkje sender bøker fram og tilbake mellom kvarandre for tida, er det berre bøker og filmar som Ørsta folkebibliotek eig du kan bestille via denne ordninga.

Om du vil låne noko, kan du velge ein av dei fylgande måtane å gjere det på:

Du som ikkje kan kontakte oss via epost eller facebook, kan ringe på tlf: 700 45 520 kl 12-15 kvar arbeidsdag, vi har stengt frå 9., til og med 13. april. Etter at vi har fått di bestilling, ordnar vi med utlån og avtalar tidspunkt/dag for henting med deg. 

Om du vil levere inn bøker du er ferdig med, kan du bruke innleveringskassa som står på sin vanlege plass. Du kan vere heilt trygg på at ikkje noko av det som vert bestilt er smittefarleg. Alt som har vore utlånt og har kome i retur inn i vår innleveringskasse, settast i karantene ei veke, før det vert utlånt igjen. Dette fordi vi vil vere trygge på at bøkene ikkje vert utlånt i den perioden vi kjenner til at viruset kan overleve på papir og plast.

 

Helse og omsorg

Telefonnummer helse- og omsorgstenester

iPad på sjukeheimane. 

 

Opningstider i påska

Ørsta rådhus, legesenteret og sentralbordet har stengt frå onsdag 8. april kl 12.00 til og med måndag 13. april. Treng du helsehjelp på raud dag, nytt legevakt: 116 117, og ev. 113 ved naudstilfelle.

Biblioteket har stengt 9. til og med 13. april, men dei har no opna for bestilling og henting av bøker og film

Teknisk vakt: 900 49 760
Brannvakt: 911 22 820

 

 

Filmar knytt til koronasituasjonen