Ørsta vgs: Signert avtale

Per Olaf Brækkan og Stein Aam hadde eit meir koronavenleg "handtrykk" under signeringa av avtalen.  

Ørsta kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har signert avtale om utbygging av Ørsta vidaregåande skule og ny fylkeskommunal tannklinikk integrert med Ørsta kulturhus.

Tysdag 17. juni godkjende formannskapet den formelle samarbeidsavtalen om fellesprosjektet som skal gje oss ny vidaregåande skule og ny fylkeskommunal tannklinikk integrert med kulturhuset i Ørsta sentrum.  Ordførar Stein Aam og bygg- og eigedomssjef  Per Olaf Brækkan frå fylkeskommunen signerte avtalen direkte i etterkant av formannskapet si handsaming.

 

- Det formelle dokumentet som legg til rette for samarbeid

Avtalen som no er signert er det formelle dokumentet som legg til rette for samarbeidet mellom kommunen og Møre og Romsdal Fylkeskommune. Samarbeidet har som mål å få til bygningsmessig sambruk og sambruk av uteareal, samt at investeringane skal tilføre elevar og lokalsamfunn størst mogleg nytteverdi.

Det samla prosjektet som omfattar ny vidaregåande skule, tannklinikk og kulturhuset har stor betydning for Ørsta kommune og regionen dei komande tiåra

Det skriv kommunedirektøren i si saksutgreiing. Prosjektet må sjåast i samanheng med strategiar som er nedfelt i utviklingsplanen for Ørsta sentrum, der fortetting og gode, tydelege kopingar mellom sentrumsdelane er lagt til grunn for vidare positiv utvikling.

Følg oss