Miljøet vi lever i påverkar helsa på godt og vondt. Maten vi et, lufta vi pustar inn, utforminga av bustadområde og andre miljøforhold verkar inn på helse, livskvalitet og trivsel. Gjennom god planlegging og tilrettelegging kan kommunen medverke til å betre folkehelsa.
Kampen mot antibiotikaresistente bakteriar
I folkehelseprofilen til alle kommunane står det om antibiotikaresistente bakteriar, og kor viktig det er å førebyggje infeksjonar og bruke antibiotika berre når det trengst. Dette er grunnleggjande i kampen mot antibiotikaresistente bakteriar.
Folkehelseinstituttet løftar fram handvask som eit enkelt og effektivt tiltak både for privatpersonar og i kommunale verksemder:
-
I barnehagar og skular kan systematisk handvask og opplæring i smittevern gi opptil 50 prosent færre tilfelle av luftvegsinfeksjonar og diaré hos barna.
-
For personar som jobbar med matlaging og servering i kommunen, er det spesielt viktig med systematisk opplæring i smittevern og gode rutinar for handbygiene.
Kommunen førebyggjer også infeksjonar ved å:
-
Syte for god vaksinasjonsdekning. Vaksinar er det beste vernet mot infeksjonar.
-
Syte for godt drikkevatn.
Folkehelsebarometer
Ein del av folkehelseprofilen er eit folkehelsebarometer. Dette barometeret har seks ulike tema, og til saman 34 indikatorar. Statistikk syner korleis Ørsta kommune ligg an i forhold til fylket og landsgjennomsnittet. Det er nytta fargane grøn, gul og raud for å syne om kommunen ligg betre an enn landsnivået, ikkje signifikant skilnad til landsnivået eller dårlegare an enn landsnivået.
Vi har to raude verdiar av totalt 34 indikatorar. Det vil seie dei områda der kommunen ligg betydeleg
dårlegare an enn landsgjennomsnittet. Dei raude verdiane gjeld:
-
God drikkevassforskyning (tal frå 2015). Verdien er på 8,1 prosent, mot landsgjennomsnittet på 80 prosent. Til samanlikning var verdien for Ørsta i 2016 (tal frå 2014) 91 prosent. Årsaka til denne drastiske reduksjonen frå 91% til 8,1% er tekniske problem med innlogging på Altinn/Mattilsynet sine sider for rapportering for Vikegeila vassverk (som forsyner Ørsta sentrum, Liadal, Hovdebygda, Åmdal og Bondalseidet). Dette vart levert manuelt til lokalt mattilsyn og er ikkje med i tala som folkehelseinstituttet har lagt til grunn i folkehelsebarometeret. Dette gjev utslaget for at vi har raud verdi.
-
Med i fritidsorganisasjon, Ungdata 2016 ved ungdomskulane. Prosenten av ungdomar som er med i fritidsorganisasjon er den same i 2013 undersøkinga som i 2016, men talet på landsbasis har auka, og derfor ligg Ørsta betydeleg dårlegare an enn landsnivået.