Ørsta og Volda samde om Bjørke

Wenche Solheim


Ørsta og Volda kommune har i dag vorte samde i erstatningssaka knytt til grensejusteringa av Bjørke/Viddal.

Kommunane er samde om ein modell for deling av kraftinntekter med ei nedtrapping over 12 år rekna frå 2020. Saka har vorte grundig belyst og gjennomgått overfor Overskjønsnemnda. Kommunane ser stor verdi i å kunne løyse saka sjølve gjennom eit forlik. Partane sine advokatar og overskjønsnemnda har medverka konstruktivt for å få til denne løysinga.

Modellen går ut på at ein fordeler faktiske kraftinntekter kvart år, slik: Første 4 år 65 % til Ørsta/35 % til Volda, neste 4 år 45 % til Ørsta/55 % til Volda og dei siste 4 åra 20 % til Ørsta/80 % til Volda.

Ordførarane Stein Aam og Sølvi Dimmen seier at her har vi kome fram til eit resultat der ingen kunne få fullt gjennomslag for sine krav, men likevel er balansert for begge partar.

Kommunane ser no fram til å halde fram og utvikle vidare samarbeid for å løfte Volda og Ørsta som ein viktig region.

Overskjønsnemnda ved Carl Petter Martinsen (leiar), Bjørn-Atle Hansen og Gro Anita Trøan saman med ordførar Stein Aam i Ørsta og Sølvi Dimmen i Volda. Wenche Solheim

Følg oss