Ørsta lanserar MinEigedom

 

Ørsta kommune lanserar i dag 15. juni MinEigedom- eigedomsopplysningar tilgjengeleg heile døgnet.
 

Logg inn: MinEigedom

Tenesta gir deg oversikt over eigendomen og kommunale tenester knytt til eigedommen/-ane du er heimelshavar på. Den gir mellom anna oversikt over adresser, matrikkeldata på bygg og eigedom, eigedomsgebyr og faktura, eigedomsskatt, kart, vassmålar, feiing, septik og renovasjon. I MinEigedom kan du sjå utrekning og grunnlag for alle kommunale gebyr; som vatn, avlaup og feiing, eigedomsskatt og renovasjon. Du kan også sende meldingar via tenesta. 
 

Innlogging via ID-porten

ID-porten er ei felles innloggingsløysing for offentlege tenester på nett. For å logge deg inn på tenester frå stat og kommune, også Ørsta kommune, må du ha elektronisk ID. Via ID-porten kan du nytte innlogging via fem alternativ for elektronisk ID (minID, BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides eller Buypass ID på mobil). Ein elektronisk ID er viktig for å bekrefte at du er den du utgir deg for å vere.

Vil du ha meir informasjon om ID-porten, får du det her.

Kontakt

Guttorm Øye fagleiar oppmåling
90184121
@ Guttorm Øye

Følg oss