Ørsta kommune satsar på heiltidskultur

Heiltidskultur.jpg

 

Ørsta kommune stilte med 27 leiarar, tillitsvalde og folkevalde på samlinga Det store heiltidsvalet i Molde 17. og 18. januar. Samlinga vart arrangert i eit samarbeid mellom KS Møre og Romsdal og KS- agenda, som har gjennomført fire slike samlingar i Oslo tidlegare. 

Heile stillingar skal vere det normale

Den store landsomfattande dugnaden for å skape heiltidskultur er eit stort løft, der arbeidstakarorganisasjonane er sentrale medspelarar. Heile stillingar skal vere det normale. Heiltidskultur handlar i stor grad om haldningar og har store positive konsekvensar for brukarane, arbeidsmiljøet og organisasjonen. Det er avgjerande å sikre kvalitet i tenestene, og for at kommunen skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar. Det vil også medverke til at kommunen har rett kompetanse og  kan tilby eit godt og lærande arbeidsmiljø.

 

Satsingsområde

Ørsta kommune satsar breitt, i tillegg til leiarar og tillitsvalde innanfor helse og omsorg, var skule, barnehage og reinhald representert på samlinga. I tillegg var hovudtillitsvalde og folkevalde oppmoda om å ta del. Dette var starten på ein brei prosess, der alle dei tilsette, tillitsvalde og leiarar skal vere involverte. Det er også viktig at dei folkevalde følgjer prosessen, kan støtte opp og vere pådrivarar.
 
Personalstaben vil koordinere arbeidet, og dei partssamansette gruppene (Gneist-gruppene) på alle einingane vil verte sentrale aktørar. I starten må ein skape ei felles forståing for kvifor arbeidet med heiltidskultur er viktig, og korleis tenkinga og praksisen me har i dag påverkar tenestene for brukarane, arbeidsmiljøet og for drift. 
 
 

Lokale innlegg

På samlinga i Molde medverka også to av leiarane våre. Einingsleiar Sylvi Romestrand snakka om korleis det vert opplevd for både brukar og pårørande når det er mange ulike tilsette innom ein brukar i løpet av ei veke. Personalleiar Idun Lee Hofset heldt innlegg om det heilskaplege grunnlaget som kommunen skal byggje på, i arbeidet med heiltidskultur. 
 

Følg oss