Aukar kompetansen innan lindrande behandling og omsorg

bak frå ve. Randi Nilsen, Synnøve Winjevoll, Silje Kjellvold, Eva Bornstein, Birgit Hustad, Irene V. Hustad, Monica Eikemo, Janneche Myklebust, fremst frå hø. Eva Stokke, Unni Strandmann, Marie C. Bisimwa, Filsan Hirab Hussein, Camilla Pedersen, Anne Mari Solvåg, Mary Kalonji og Eva Tran. Kursleiarane kreftsjukepleiar Margrethe Gjesdal (ytterst frå hø.), kreftkoordinator Solfrid Simonnes de Crane og sjukepleiar Anita Hustad Vinjevoll (ytterst frå ve.) takker for engasjerte og målbevisste kursdeltakarar og ynskjer dei lykke til med det vidare arbeidet.

Ørsta kommune satsar på å auke kompetansen innan lindrande behandling og omsorg til helsefagarbeidarane i kommunehelsetenesta. Dette er ein flott bukett dyktige helsefagarbeidarar som er klar for nye utfordringar etter fullført kurs i  "Digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt". 

 

Digital opplæring

Kompetansehevande tiltak innan lindrande behandling og omsorg har over lengre tid vore eit stort satsingsområde i Noreg og Ørsta kommune er godt i gang med dette arbeidet. På oppdrag frå Helsedirektoratet har høgskulen i Innlandet, i samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) og ressursnettverk for palliasjon i Hedmark, utarbeida ein digital opplæringspakke i lindrande behandling og omsorg ved livets slutt. Opplæringspakken inneheld opplæringsmateriale som legg vekt på helsefagarbeidaren sine oppgåver og ansvar knytt til behandling og omsorg for pasientar som får lindrande behandling og omsorg, og omsorg for deira pårørande. Det faglege innhaldet i opplæringspakken bygger på føringar i «Nasjonalt handlingsprogram med retningslinjer for palliasjon i kreftomsorgen» og i Rapport om tilbodet til personar med behov for lindrande behandling og omsorg mot livets slutt – «Å skape liv til dagene». Opplæringa er retta mot pasientar med kreft, kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS), langtkomen hjertesjukdom og nevrologiske sjukdomar som amyotrofisk lateral sklerose (ALS), multippel sklerose (MS) og Parkinsons sjukdom. 

I Ørsta kommune er det no fullført to digitale opplæringskurs i lindrande behandling for helsefagarbeidarar. Kurset er oppdelt i fagemne og går over 5 månader. Kursdeltakarane deltek på gruppesamlingar og utanom samlingane arbeider dei nettbasert med fagstoffet. På første kurs i fjor vår deltok 19 helsefagarbeidarar og like mange i år. Det er fleire som er  interessert i denne opplæringa, så vi planlegg eit nytt kurs til hausten, opplyser kreftkoordinator i Ørsta kommune, Solfrid Simonnes de Crane. 

 

- Lindrande behandling og omsorg av høg kvalitet

Målet med opplæringa er at helsefagarbeidarane vidareutviklar sin kompetanse og at brukarane/pasientane får lindrande behandling og omsorg av høg kvalitet. Dei som har gjennomgått opplæringa skal også kunne gi pårørande nødvendig støtte. 

Einingsleiar i heimebasert omsorg, Elin Ose Velle, seier at dei tilsette som har fått delteke på desse kursa har opplevd det som positivt og lærerikt. Helsefagarbeidarane er blitt gjort meir bevisste på ansvaret sitt og rolla si hos denne brukar/pasientgruppa. Ose Velle seier vidare at helsefagarbeidarane er ein viktig ressurs når det gjeld den lindrande behandlinga og omsorga som gis i kommunehelsetenesta. Med auka kompetanse blant helsefagarbeidarane vil det bidra til at brukarane/pasientane får ei meir heilskapleg behandling og pleie gjennom auka kvalitet og betre flyt i tenesta.
 

Følg oss