Ordningar i Ørstaskulen gjeldande til og med 20. mai

Klikk for stort bileteAlle elevane er no komne attende til skulane, noko vi er svært glade for. Somme elevar må framleis ha heimeskule via nettet ein eller fleire dagar i veka, i alle fall ut skuleåret. Kva som vil gjelde til hausten, veit vi dessverre ingenting om enno. Det vil i stor grad avhenge av den smittesituasjonen som landet er i på den tida

Skulane har i mindre eller større grad utfordringar når det gjeld skyss, tilgang på personale og/eller rom. I løpet av desse to første vekene vil skulane prøve ut ulike løysingar tilpassa sine utfordringar. Tidleg i neste veke vil ordningane verte evaluerte rundt på skulane, med tanke på om deira ordning vil vere berekraftig ut skuleåret. I løpet av onsdag 20.mai vil føresette verte orienterte frå skulane sine om eventuelle endringar. Pga at personalressursen er strekt til det ytterste gjennom fordelinga ut i kohortane, vil det også kunne kome endringar seinare på svært kort varsel. Dersom personale vert sjuke eller er borte av andre årsaker, har vi i prinsippet ingen å sette inn i staden. Skulle du som les dette tenkje at du har kompetanse som gjer at du kan stille som vikar, må du gjerne melde deg direkte til skulane. (Hugs at du må legge fram politiattest.)

Skysskapasiteten er eit verkeleg trangt nålauge for tida, og i ytterste konsekvens kan manglande skysskapasitet medføre auke av fjernundervisnings-/heimeskuletida ved fleire skular. Vi oppmodar igjen om at færrast mogleg tek buss. Elevar på 5.-10. trinn bør i størst mogleg grad gå eller sykle til skulen, eventuelt verte køyrde. Elevar på 1.-4. trinn vil ved plassproblem verte prioriterte på skulebussane etter skuletid. 

Desse ordningane gjeld til og med onsdag 20. mai:

* Dalane skule: Storskuletrinna startar ulikt: Tysdag 12.mai startar 5. trinn, torsdag 6.trinn, fredag 7.trinn. Dagane 18., 19. og 20. mai vil alle elevane vere på skulen. Kvar onsdag resten av skuleåret sluttar alle elevane kl 11.25. Merk! Skyssutfordringar: Dersom manglande setekapasitet vert ei gjennomgåande utfordring, må skulen igjen gå over til meir undervisning på nett for somme klasser.

* Hovden skule: Storskuletrinna startar ulikt: Tysdag 12.mai startar 5. og 7.trinn, torsdag 6.trinnn. Alle tre trinna vil vere på skulen 3 dagar i veka og ha heimeskule på nett 2 dagar.

* Velle skule: Alle elevar startar tysdag 12.mai. Det gjeld også 7. trinn i Ørstahallen. Merk! Skyssutfordringar: Dersom manglande setekapasitet vert ei gjennomgåande utfordring, må skulen igjen gå over til meir undervisning på nett for somme klasser.

* Vikemarka skule: Elevane i ei av klassene på 5. og ei på 6. trinn startar tysdag 12. mai, dei andre onsdag 13. mai. Desse klassene vil ha annakvar dag på skulen og annakvar dag heimeundervisning på nett. Sjuandeklassingane i Ørstahallen går kvar dag.

* Sæbø skule: Alle startar tysdag 12.mai. Merk! Skulebussen er også rutebuss. Det betyr at buss-seta kan vere opptekne før elevane får gå på. I så fall må skulen prioritere plass til elevar på 1.-4. trinn. Dette er særleg krevjande tysdagar og torsdagar då alle elevar skal heim til same tid. Dersom manglande setekapasitet vert ei gjennomgåande utfordring, må skulen igjen gå over til meir undervisning på nett for somme klasser.

* Vartdal skule: Alle startar onsdag 13.mai. Merk! Skyssutfordringar: Dersom manglande setekapasitet vert ei gjennomgåande utfordring, må skulen igjen gå over til meir undervisning på nett for somme klasser.

* Ørsta ungdomsskule: Undervisninga startar på skulen tysdag 12. mai for 8. og 10. trinn. Onsdag vil 9. og 8. trinn vere på skulen, torsdag 8. og 10. trinn. Klassene vil såleis vere på skulen 2 av tre dagar og ha heimeundervisning på nett ein av tre dagar. Dette gjeld også neste veke, til ordninga vert evaluert.

* Opplæringssenteret: Alle elevane starta måndag 11.mai.


Vi nyttar høvet til å takke alle dykk foreldre som hjelper oss med å løyse utfordringane våre, og også til å ynskje alle som les dette, både store og små, ein flott 17.maidag, sjølv om vi ikkje kan samlast slik vi er vane med, m.a. i skulebygga.