Innsynsmodulen vår er nede

Grunna overgang til nytt saks- og arkivsystem har vi tekniske problem med innsynsløysninga vår, dette går desverre utover møtedokumenta også. Det vert arbeidd med å rette feilen, vi takkar for tolmodet. 

Her finn du førebels innkalling/møtedokument for

Formannskap (PDF, 4 MB)

Kommunestyre (PDF, 2 MB)

Opptak for barnehageåret 2019/2020

Klikk for stort bilete

Torsdag 7. mars var det felles opptaksmøte i Ørstabarnehagen. Følgande opptak vart gjort: 

  • 116 søkarar fekk 1. val
  • 10 søkarar fekk 2. val
  • 1 søkar fekk 3. val
  • 1 søkar fekk 4. val

Vi hadde i år 134 nye søkjarar.  Av desse var ein søkar etter fristen 1.mars.

 

Hugs å svare innan fristen

Melding til føresette om opptaket går ut 14. mars og svarfristen er 24. mars. Det er viktig at alle føresette svarar på tilbodet dei får via oppvekstportalen, innan fristen. Dersom dei ikkje svarar fell dei ut av lista, og kan dermed misse plassen. 

Klagefrist for opptaket er 4. april 2019. I følgje Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage § 6 kan søkjarar som får avslag på søknad om barnehageplass og søkjarar som verken får sitt første eller andre ønskje om barnehageplass oppfylt, klage på opptaket. Retten gjeld kun søkjarar som har søkt om barnehageplass innan fristen som kommunen fastsett i tråd med Lov om barnehagar §12a.
 

Ny handsaming 8. april:

Alle barna som har fått tilbod om barnehageplass hadde rett til plass. Dette betyr at dei er fødde før 1/12-2018.
Fem søkarar hadde ikkje rett til plass, og ein søkar var etter fristen. Desse søknadane vil bli handsama på andre opptaksmøte 8. april.
 

Fann du det du lette etter?