Oppstart av områdereguleringsplan for deler av Vartdal sentrum

Vartdal sentrum.jpg - Klikk for stort bilete

 

Ørsta kommune varslar med dette oppstart av arbeidet med områdeplan for deler av Vartdal sentrum jf. plan- og bygningslova §§ 12-1, 2 og 8. 

Føremålet med planarbeidet er å utarbeide ein områdereguleringsplan som skal fastsetje arealbruken i området, samt eventuelle krav til utbyggingsavtale og rekkefølgjekrav. Aktuelle problemstillingar som skal utgreiast i planarbeidet er:
- Reduksjon av område til framtidig sentrumsføremål
- Veg- og tilkomstløysingar
- Lokalisering av og typer bustadareal
 
Planarbeidet utløyser ikkje krav til planprogram og konsekvensutgreiing  jf. forskrift om konsekvensutgreiing.
 
Planområdet gjeld områdereguleringsplan som vist på kart. Planen vert utarbeidd av Ørsta kommune, i samarbeid med grunneigarane av gnr/bnr 99/3, 5, 10, 41 og 58. AG plan og arkitektur er planfagleg konsulent. Plangrensa kan verte justert undervegs i prosessen.
 
Plandokumenta for  begge planane er tilgjengelege i kommunen sitt planinnsyn. Gå til www.ørstakart.no, og sjå under «planar til høyring». Dokumenta er også tilgjengelege på Ørsta rådhus.
 
Innspel til planarbeida skal vere skriftlege, og skal sendast til postmottak@orsta.kommune.no eller til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 5153 Ørsta. Det er også mogleg å levere innspel direkte gjennom planinnsynsløysinga (sjå «gi tilbakemelding»). Innspel må vere sendt inn innan 08.04.2017
 
 
Sist endra 22.02.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering