Oppdatert informasjon om koronavaksinering

Klikk for stort bileteIllustrasjon: FHI  

Vi ventar å kome i gang med vaksinasjon av heimebuande eldre over 85 år på kulturhuset i veke 5.

Det vil ta fleire veker å vaksinere denne gruppa ut frå kor mange vaksinedosar vi får per veke. Etter kvart som Noreg får fleire vaksinedoser, vil farta auke. Kommunen er godt i gang med å ringje rundt til alle heimebuande eldre over 85 år, og dei vil få ny beskjed når vi har klart tidspunkt for time til vaksinering.

Etter kvart vil vi starte med å ringje heimebuande eldre over 80 år. Vi jobbar med moglegheit for digital timebestilling, og vil kome tilbake med informasjon om dette i god tid før oppstart. Inntil vidare vil alle timar til heimebuande eldre bli tildelt per telefon.

Meir informasjon om koronavaksinering i Ørsta kommune >>