AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering  |  Influensavaksinering​​​​​​​

Oppdatering koronasmitte – fredag 26. november kl. 16.00

korona - Klikk for stort bileteØrsta kommune fekk i dag 26. november melding om fire nye smittetilfelle med covid-19. To er smitta i husstanden, ein har vore på nytt liv senter 21. november og den siste er mogleg smitta på innanlandsreise. Tre var fullvaksinert og ein uvaksinert. 

Torsdag 25. november kl 22.20
Ørsta kommune fekk i kveld, 25. november, melding om nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande var fullvaksinert og er truleg smitta anten på Fugl Fønix 19. november eller på eit arrangement på Uppheim i Volda 20. november. Øvrige gjestar bør ha låg terskel for å ta ein test ved symptom.

Torsdag 25. november kl.  16.25
Ørsta kommune fekk i dag 25. november melding om 1 nytt smittetilfelle med covid-19. Vedkomande er smitta i husstanden og var fullvaksinert.
 

Onsdag 24. november kl. 22.15
Ørsta kommune fikk i kveld, 24. november meldt 2 smittetilfelle av Covid-19. Begge testa seg grunna symptom, ein er truleg smitta på Fugl Fønix fredag 19. november og den andre har ukjent smittekilde, men har vore på innanlandsreise.

Onsdag 24. november kl. 15.00
Ørsta kommune har i dag 24. november fått melding om 2 nye smittetilfelle med covid-19. Begge har vore i nærkontakt med kjende smittetilfelle. Ein var fullvaksinert, den andre uvaksinert. 

Kommunen har også fått melding om at det har vore 1 smitta med covid-19 på Nytt liv senter i Ørsta 21. november. Kommunen ber difor om at alle som har vore der er merksame på symptom og tek test. Alle uvaksinerte bør ta ein test sjølv om dei ikkje har symptom.

Tysdag 23. november kl. 17.00
Ørsta kommune har i dag 23. november fått melding om 3 smittetilfelle med covid-19. Ein har vore i nærkontakt med kjende smittetilfeller, ein har vore på utanlandsreise og den siste har førebels ukjend smitteveg. Alle var fullvaksinerte.

Fleire av dei smitta har vore på Fugl Fønix 19. november. Kommunen ber difor om at gjestar som har vore der den kvelden har låg terskel for å bestille ein koronatest dersom dei får symptom i løpet av den neste veka.

Måndag 22. november kl. 13.45
Ørsta kommune har i dag, 22. november, fått melding om 4 nye smittetilfelle med covid-19. Ein har ukjend smitteveg, ein er nærkontakt og to testa seg grunna symptom etter innanlandsreise.

Ei 6. klasse på Hovden skule er råka

Føresette i denne klassa vert varsla av skulen og vil få utlevert hurtigtestar på skulen i dag. Det vert tilrådd at elevane tek to hurtigtestar med 24 timars mellomrom. Det er viktig at ein følger godt med om borna får symptom dei neste 7 dagane. Dersom dei får symptom på covid-19, bør dei vere heime frå skulen og ta ein PCR-test på teststasjonen. Dette gjeld og ved milde symptom.
 

Tidlegare oppdateringar 10. - 19. november

Følg oss