Oppdatering: Kokepåbod er oppheva Brekke - Bondalseidet

Klikk for stort bileteEtter to etterfølgande prøver utan funn av bakteriar, vel Ørsta kommune med dette å oppheve påbod om koking av drikkevatn for abonnentar til kommunal vassforsyning i områda Brekke, Åmdal og Bondalseidet.

Opppdatering 26.11.2019: Oppheving av kokepåbod er gjort i samråd med Kommunelækjar og Mattilsynet.
Det er førebels ikkje funne kjelde til bakterieforureining, men vi kjem dei komande vekene til å halde fram med å ta vassprøver i området.
Vi ynskjer hjelp frå våre abonnentar i området i søk etter årsak. Avgraving av private vassleidningar, lekkasjer eller moglege feilkoblingar, kan gi sporadisk innsug på leidningsnettet. Dersom nokon har informasjon om slikt, ta kontakt. 
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Driftspersonell frå Ørsta kommune har sett i gong tiltak. Normal vassforsyning vil halde fram, men med kokepåbod.

Oppheving av påbod vil bli varsla på kommunen si nettside, og vi ber abonnentar om å følge med på oppdateringar her.

Oppdatering 22.11: Avventar svar på vassprøver teke i dag. Kokepåbod vil halde fram til ny vurdering vert gjort måndag.